Symjing

Registrering av medlemskap

Sogndal idrettslag nyttar Min Idrett som verktøy for å registrere medlemmar. Føresatte registrerar sjølv barnet sitt som aktiv deltakar hjå oss både på symjekurs og på symjetrening. Det enkleste er at foreldre registrerer seg sjølv i Min Idrett og deretter legger til barn som familiemedlemmar. På Min Idrett har du full oversikt over barnet ditt sine opplysningar og andre aktive familiemedlemmar.

Les meir om dette på nettsida til Sogndal idrettslag; https://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/. Du finn min idrett her; https://minidrett.nif.no

Årsmøte i symjegruppa 28.02


Styret kallar med dette inn til årsmøte i symjegruppa til Sogndal idrettslag.

Årsmøtet finn stad torsdag 28. februar 2019 kl. 17.00 på Campus Helse, lokalisert i 1 etg. over Idrettsenteret. Me samlast til årsmøte medan ungane våre er i bassenget.

Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må bli sendt til styret seinast 21. februar på mail til; maybritthauge@hotmail.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast éi veke før årsmøtet på FB sida og nettsida til symjegruppa.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av symjegruppa i minst éin månad, og ha betalt medlem- og treningsavgift. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valg, forslagsrett m.m, sjå Sogndal Idrettslag si lov § 5 til § 8.

Velkomen til årsmøte!

Oppstart symjetrening haust 2016

Symjetreninga startar oppatt i veke 35 (1.september). Treningstida vert torsdagar kl. 18.00-20.00 for barn og ungdom. Me gjekk tidlegare ut med trening også på tysdagar, men har valgt å avvente litt med denne dagen då tildelt treningstidspunkt var noko ugunstig.

Treningane vert i Lustrabadet dette halvåret pga. vedlikehald av idrettshallen/symjehallen i Sogndal. Avreise er kl. 17.15 frå skysstasjonen, forventa ankomst tilbake i Sogndal ca. kl 21. Me organiserer køyring med privatbilar + trenar (rullering mellom foreldra). For påmelding og spørsmål kontakt Ingunn Stavø tlf.: 92612639, e-post: inghatstavo@hotmail.com

Trenar (Marie Øverland) ønskjer å få ei melding om kven som kjem til kvar trening. Send difor ein sms innan kl. 18 dagen før. Mobnr 90124957

For å kunne delta på treningane våre må utøvar, eller utøvar sine foreldre, registrere seg på MinIdrett. http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/  Vi ber om at dette blir gjort før utøvaren møter til sin første trening. 

Prøvetrening

Om du er nyfiken på korleis det er å symje saman med oss eller om symjingtrening faktisk er like kjekt som det ser ut til, då kan du delta på to treningar utan å betale. 

Vasstilvenningskurs

Me jobbar i tillegg med å få til eit vasstilvenningskurs for dei yngste på Vesterland seinare i haust. Meir info kjem etterkvart.

Vårduppen 2016 - Symjestemne

Eid Symjeklubb inviterer med dette til åpent og rekruttstevne i Eid Idrettshus. Stevnet er i samsvar med NSF’s lover, reglar og terminliste. 

STEVNESTART:                Laurdag 12. Mars       kl 13.00                     Innsvømming kl 12.00

                                          Søndag 13. Mars        kl 10.00                     Innsvømming kl 08.30

 

 

Påmelding seinast onsdag 02. mars 2016

Meir informasjon finn du her Innbydelse .

 

Innkalling til årsmøte i symjeklubben

Symjeklubben sitt årsmøte blir avvikla kl. 18:00 til 19:30 17. februar 2016 i Flostova på Campus.

Alle medlemar av symjeklubben er hjarteleg velkomne til årsmøte. 

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 1 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vil vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Saklista er

1.                  Godkjenne dei som har stemmerett

2.                 Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

3.                 Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen

4.                 Handsame symjeklubben si årsmelding

5.                 Handsame symjeklubben sin rekneskap

6.                 Handsame forslag og saker

7.                  Fastsetje treningsavgift

8.                  Vedta symjeklubben sitt budsjett

9.                 Gjere følgjande val:

a)      Leiar og nestleiar

b)      3 styremedlem og 1varamedlem

c)      Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte

Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetal.

Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.