Forslag om å leggje ned symjegruppa!

Symjegruppa treng nytt styre, elles er det slutt etter over 40 år med symjegruppe i Sogndal.

Noverande styre har ingen ungar og deltek heller ikkje sjølv i aktivitetar i gruppa.

Eit nytt styre må veljast på årsmøte 9. mars 2023.

Årsmøtet finn stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.


Om ikkje nytt styre blir valt på årsmøte så vil det eksisterande styret foreslå nedlegging av symjegruppa.

Økonomi og aktivitet er god, men utan eit styre forsvinn dette aktivitets- og treningstilbodet.