Sogndal Idrettslag blei skipa 19. februar 1926. 

 

Visste du at..(før 1926)

  1. Det første ungdomshuset i Sogndal stod på Lægreidsplassen? Huset bar namnet ”Fram”, og var staden turnarane kom saman for å trene.
  2. Turnarane utmerka seg sterkt så tidleg som i 1905, og ein fekk fleire vestlandsmeistarar det året?
  3. Golvflata på ”Fram” berre var på 42 kvadratmeter, så tilspranget til turnarane måtte skje diagonalt?
  4. Sogndal hadde alt under første verdskrig eit lag med namnet ”Fyk” som konsentrerte seg om skiidrett?
  5. Skipingsåret var truleg 1915.
  6. ”Fyk” hadde hovudbase i Kvåleområdet? Hoppbakkane laga dei til oftast ved Løengibakken nedanfor Skjeldestad, i Nedrehagen og i ein bakke på Eggja.

Visste du at..(1926-1939)

  1. SIL blei skipa 19. februar 1926?
  2. SIL blei skipa etter dei fleste andre idrettslaga i Sogn (Vik 1905, Modig, Fresvik 1919, Aurland 1921, Skjolden 1921, Jotun 1923, Feios 1925, Høyanger 1917, Jostedal 1917)?
  3. At i 1926 var det 59 registrerte lag i Sogn og Fjordane (29 i Nordfjord, 15 i Sogn, 15 i Sunnfjord)?
  4. Dei første åra blei det satsa først og fremst på turn og friidrett?
  5. Turn blei drive i ungdomshuset ”Fram” på Lægreidsplassen?
  6. Friidretten vart driven skiftevis på Ulvahaugen og på Osen hjå H.A.Hagelin (der slakteriet er i dag)?
  7. Friidrettsøvingane dei dreiv var hopp, diskos, kule og spyd?
  8. Etter kvart fekk ein ei ny treningsbane i området som blir kalla Parken? Dette passa bra i høve den veksande aktiviteten.
  9. I 1935/36 fekk idrettslaget leige grunn på Fosshaugane? SIL kunne deretter by inn idrettsmenn frå dei andre laga i Sogn.
  10. Dei første lokale skirenna skal ha vore i 1927 i Løengi under Skjeldestad?
  11. Etter kvart vaks det fram eit skimiljø på Lerheimsstølen?
  12. Det vert fortalt at det var heile 1300 betalande på det årvisse skirennet på Lerheimsstølen i 1936?
  13. Etter rennet var det skifest i Solhov?
  14. Det blei bygd lagshytte på Lerheimsstølen? Hytta kosta mykje sveitte, samt 1000 kr- ein tung sum i dei tider.
  15. På Lerheimsstølen vart festen i hytta 2. juledag ei tradisjonell og populær tilskiping? Festen tok til tidleg på dagen av omsyn til at festdeltakarane måtte komme seg nedatt før det var mørkt (det var eit stykke å gå). Spelemannen fekk si betaling etter at ein gjekk rundt med hatten i handa og samla inn.
  16. Det blei drive boksing i ungdomshuset ”Fram” i 30- åra.

Visste du at..(1939-1945)

  1. 1939 hadde SIL tre særgrupper i drift; ski, fotball og friidrett?
  2. Marknadstilskipingane var viktige og årvisse? Dette vart ein av hjørnesteinane for økonomien i laget. I 1939 gjekk bruttofortenesta ut med kr. 535,-. Folk møtte godt fram for å sjå framføringa av skodespelet ”Heradsstyremøte i Vrangdal”, som vart spela for fulle hus to gonger i Solhov. Men tendensen i stykket fall kanskje Sogndal heradsstyre litt tungt for brystet- i alle høve vart den årlege løyvinga til laget på kr. 100,- avslegen på neste kommunestyremøte.
  3. Kassabehaldninga i SIL var etter 1939 på kr.310,-, etter at kr. 895, 97 blei betalt inn, og kr. 672,77 gjekk ut?
  4. Folk hadde i lang tid gått tid gått skeiser på ”Baringaisen” og ved Kvam?
  5. I 1939 blei skeisegruppa oppretta. Grunn til dette var Sogndal hadde ein god løpar (Rude-Johannesen) som måtte få utvikle seg ved å delta i renn utanfor bygda.
  6. På nyåret 1940 blei det skipa til distriktsrenn på ski i Fjærland, og fem mann blei sendt dit? Likeeins blei det løyvd pengar til å sende fem løparar til eventuelt renn i Luster. I Bergen derimot såg ein seg ikkje i stand til å sende meir enn to mann.    
  7. Påskerennet (2.påskedag) var store tilskipingar og festdagar for heile bygda på denne tida? I 1940 fekk ein celebert besøk frå austlandet; storhopparane Alf Andersen, Arnold Christiansen og Chr. Gaarder. 50 hopparar deltok, og heile 500 tilskodarar kransa bakken. Sogndølen Alf Tveberg pynta på bakkerekorden med 50,5 meter, medan gjestane hoppa enno lengre. Hoppbakken låg på Lerheimsstølen. Det blei også arrangert stafettkonkurranse.
  8. Krigen kom, men styret kom saman enno ein gong 30. oktober 1940? Det blei som vanleg halde årsmøte i november. Sidan Solhov var ”oppteke”, blei det hold på Danielsens hotell denne gongen. Etter dette blei det ein taus periode på om lag fem år. Under idrettsstreiken i krigsåra blei det heller ikkje drive aktivt offisielt arbeid for idretten av lagsstyringa i SIL.

Visste du at..(1945-1950)

  1. 3.juni 1945 var ”Idrettens dag” som skulle markere offisiell opning av all idrett etter krigen. Nytt styre blei valt på nokre dagar før, og på tilskipinga hadde det nye styret lagt inn to fotballkampar og stafetten ”Fjøra rundt”. Laga frå Sogndal gymnas tok dei to første plassane, likeeins slo gymnaslaget karane i SIL i fotballkampen. SIL fekk revansje i kamp nummer 2.
  2. I 1945 var det ikkje noko bane i det heile på Fosshaugane?
  3. Stillstanden i krigsåra hadde ført til at området hadde vorte nytta til reine jordbruksførmål av eigaren, slik at det var åker når laget skulle ta til med arbeidet sitt.
  4. På Helgheim var det fangeleir for 30- 40 medlemar av ”Nasjonal Samling”?
  5. Dei norske som styrde med leiren var samde med at med styret i SIL og ordføraren i bygda at det var for gale at så mykje arbeidskraft gjekk det unytta. Fangane blei sett i sving med planeringsarbeid på fotballbana på Fosshaugane. Banetilhøva var trass dette likevel generelt dårlege frametter og utstyret utilstrekkeleg . Dette gjorde at friidretten låg brakk dei første åra.
  6. Skigruppa hadde større medgang? Påskerennet blei teke oppatt i 1946.
  7. Bakken var i dårleg stand, og hausten 1948 bles stillaset over ende? ”Bjeldebakken” blei sett opp att, og den nye ”Kleivsbakken” blei sett opp.
  8. Fotballgutane i 1946 ”praktisk talt ikkje hatt ei kvilehelg”?
  9. Med andre ord la ikkje baneforholda slike hinder som det gjorde for friidrettsfolket, og aktiviteten var høg dei fem første åra etter krigen.
  10. Bana vart godt utnytta?
  11. Så snart vintersesongen var over i april, skulle den nyskipa skøytegruppa, saman med fotballgruppa, straks gå i gang med oske og andre midlar for å få isen vekk.
  12. Frå oppstarten med 163,16 i kassa, til avslutta rekneskap med kassabeholdning på kr. 2503, 05 berre på eitt år?
  13.  I 1949 fekk SIL kr. 6000 av tippemidlane, og ein kunne starta arbeidet med å få sprang- og løpebaner i brukbar stand? Tribunar og høgtalaranlegg blei og sett opp.

Visste du at..(1950-åra)

  1. Lagskontingenten blei på årsmøtet 1950 heva til kr. 4,-? Dette hadde styret allereie i 1946 kome med framlegg om, men fekk då ikkje gjennomslag.
  2. I 1951 feira ein 25- års jubileum på Danielsens Hotell?
  3. SIL hadde gymnastikk 2 gonger i veka om vinteren?
  4. Noko bordtennis var dei også framme i under innandørssesongen.
  5. Høgdepunktet av tilskipingane i 1952 utvilsamt var Sognemeisterskapen på skøyter 8.- 9. mars? Funksjonærstaben var på 34 personar. SIL synte å vera det leiande laget i Sogn, og Magnus Kvam blei sognemeister for andre gong.
  6. I 1952 vart det etter lang diskusjon vedteke at særgruppene skulle ha eigen kontingent og eigen økonomi? Kontingenten til hovudlaget skulle no vere på 2 kr. Hovudstyret skulle så etter planen kunne hjelpe vanskelegstilte grupper med å yte lån til deira kasse. Vedtaket blei dog reversert på årsmøtet i 1959.
  7. Marknadane, som hadde lang tradisjon i laget, blei framleis skipa til i Solhov i 1950- åra? Skodespela som blei sett opp i 30- åra, var no bytt ut med filmar. Det økonomiske utbyte var framleis livsviktig for drifta i laget.
  8. Ei løysing på det langvarige problemet med løpebana på Fosshaugane fekk ein først i 1955, ikkje minst ved at medlemar gjennom iherdig dugnadsinnsats skrapa vekk det lause gruslaget og la ned kokslag i staden? Dermed kunne ein ta til att med friidrettsstemne.
  9. I februar 1954 var det stort skøytestemne att i Sogndal, denne gongen Fylkesmeisterskap?
  10. I 1956 blei det skipa til krinsrenn i slalom i Haglinsbakkane.
  11. SIL skeiv til Bergen Brannvesen for å be om å få kjøpe brukte brannslangar. Arbeidet på skøytebana kravde sjølvsagt utstyr, og dette var ei god og billeg løysing.
  12. Ved slutten av 1958 kunne skøytegruppa igjen sjå attende på gode einskildprestasjonar? Torfinn Bjelde toppa merittlista som fylkesmeister.
  13. I 1959 oppstod det ein prinsippdebatt omkring utnyttinga av baneområdet? Representanane for kommunen og idrettslaga i Sogndal og Kaupanger vart samde om at den nye skulen skulle byggjast på Fosshaugane. Dette gjorde at det ikkje lengre blei plass til dyreutstillingar.
  14. Skøyteinteressa fall mot overgangen til 60- talet?
  15. Tillitsmannslistene i særgruppene var på slutten av 50- talet dominert av dei aktive sjølve.

Visste du at..(1960-åra)

  1. SIL si skøytegruppe dominere på toppen i 1960? Jan Andersen blei Sognemeister på Hafslo og Torfinn Bjelle blei Fylkesmeister på heimebane. Mellom dei yngste hadde Johan Johannessen og Bjarne Foss teke til å vise tenner.
  2. Lagshytta på Lerheimsstølen blei mindre og mindre nytta? Konklusjonen var at den måtte flyttast til ein meir sentral stad eller seljast. Hytta blei seld for kr. 1000 like etter årsmøtet 1961.
  3. Årsmøtet 1961 valde tre representantar som skulle sjå til at idretten ikkje blei skadelidande av den planlagde bygginga av gymnaset. Gymnaset var planlagt delvis på idrettslaget sin grunn, noko styret reagerte negativt på. Likevel ville ikkje SIL stikke kjeppar i hjula, sidan dette kunne hindre at gymnaset blei lagt til bygda. I styrevedtaket heiter det at laget fann det sårt at plassen, som vart brukt av så mykje folk frå bygda, no skulle takast frå dei. Det blei mykje krangling mellom SIL og kommunen før floka blei løyst. Gymnaset blei reist der handballbana låg før, og SIL fekk kompensasjon ved ny idrettsplass litt lengre nord.
  4. Turngruppe blei oppretta i 1963.
  5. Skøytesporten såg etter kvart ut til å komme i bakleksa. Vertilhøva forklarar nok mykje av dette. I 1964 var gruppa komen inn i dvaletilstand. Likevel var det ein god trøyst at Johan Johannessen hevda seg i toppen i skøyte- Noreg.
  6. På slutten av 60- talet blei det arrangert fleire vellukka skirenn på Fosshaugane? 15. april 1969 var det lagt opp til stor- langrenn, og dei ymse gruppene i laget skulle dele på arbeidet med det praktiske opplegget. Eit heilt grunnleggjande vilkår ved iet slikt arrangement er logisk nok at det er tilstrekkeleg med snø. Men snø fanst det nesten ikkje så langt nede på denne tida, så alt måtte hentast frå Dalen. Dette gjekk fint, ikkje minst takka vere velviljug innsats frå kommunen og Sogn Billag. Ski- kjendisar som brørne Eggen, Grønningen m.fl. hadde lova å ta turen hitover. Sjølv om dei lokale stjernene måtte sjå seg slegne av storløparane, verka det inspirerande på skimiljøet i laget.
  7. I 1969 blei det oppretta Bordtennisgruppe? Den blei lagt ned året etter.

Visste du at..(1970-åra)

  1. Auka aktivitet og ekspansjon i sjølve drifta karakteriserar 70-talet? Inntektene auka frå ca 40 000 i 1969 til ca. 600 000 i 1976.
  2. Bingoen på Sogndal Hotell samla mykje folk på 70- talet og gav fin nettoinntekt for laget?
  3. Det var satt i gang eit tippelag i 1972? 100 interesserte melde seg, og kvar skulle skyte inn 200 kr. Halvparten skulle gå direkte i lagskassa, som dermed kasserte inn 10 000 kr. Men vinsten for tipparane vart heller skral, så eksperimentet vart ikkje teke oppatt.
  4. Fotballaget spela seg opp i 2. divisjon i 1972? Året etter vart det tur nedatt i 3- divisjon.
  5. Turngruppa var den særgruppa med flest medlemar i 1973?
  6. Banespørsmålet heller ikkje var problemfritt inn i dei første 70- åra? Disposisjonsplanen for Fosshauganeområdet var igjen høgaktuell i samband med plassering av det nye lærarskulebygget. Idrettslaget såg atter sine interesser i området truga, og sette ned ei nemnd med Ove Ask, Torolf Norheim, Arnfinn Sviggum og Kåre Navarsete for å ivareta laget sine interesser. Sommaren 1974 skjedde det positive ting på baneanlegget . Denne gongen var det friidrettsgruppa som fekk betra tilhøva sine ved at eit nytt banedekke vart lagt ned i løpebana.
  7. Symjehallen opna i 1969, og det blei god aktivitet i symjegruppa?  
  8. Følgjande grupper var tilslutta krinsen i 1974 (rangert etter storleiken på budsjetta for dei einskilde)? 1. Fotball, 2. Handball, 3. Ski, 4. Friidrett, 5. Symjing, 6. Orientering, 7. Turn, 8. Trim, 9. Skøyter (ikkje i drift).
  9. Auken i tal medlemar var stor på første halvdel av 70-åra?  
    - 1970…….153 stk
    - 1971…….341 stk
    - 1972…….416 stk
    - 1973…….444 stk
    - 1974…….477 stk
    - 1975…….708 stk
    - 1976…….725 stk
  10. I 1976 var det om lag 550 av medlemane som var aktive i dei ymse tilboda som SIL la fram?
  11. På festen for 50-års- jubileumet blei det oppnemnd fire æresmedlemar (dei fire første): Eirik J. Skjeldestad, Olav L. Navarsete, Kåre L. Navarsete og Åsmund O. Loftesnes?
  12. På same festen fekk føljande personar ”Heidersteiknet”? Eirik J. Loftesnes, Ove Ask, Gunnar Kjøstvedt, Anders Kvåle, Henrik Myklestad, Olav Ness, Kåre Ness, Inge Kvam, Halvard Stedje, Per Ingar Sviggum, Arnfinn Sviggum og Oddvar Uglum. Heidersteiknet kan gjevast til tillitsmenn som har gjort ein innsats gjennom 10- 12 år.