Barne- og ungdomsklatring: Tilbod våren 2019

Velkomen til barne- og ungdomsklatring våren 2019.

Alle gruppene har oppstart i veke 3 (14.-18. januar). Siste gong i veke 22 (27.-31. mai).
Fri på raude dager, helligdager og i skuleferiane.

Tilbod våren 2019:

  • Barneklatring yngre 6–7 år: mandager kl.17:00-18:30.

  • Barneklatring yngre 8-9 år: måndagar kl 17:00-19:00 og torsdagar kl 17:00-19:00.

  • Barneklatring 10-12 år: onsdagar kl 17:00-19:00.

  • Ungdomsklatring 13–19 år: onsdagar kl 19:00-21:00 (med- og utan brattkort)

  • Foreldrekurs topptaukort.

  • Foreldrekurs brattkort.

Deltakarar som deltok på kurs eller i klatregruppe hausten 2018, må melde seg inn på nytt for våren 2019. Dersom du ynskjer å melde på fleire ulike kurs, eller fleire deltakarar, sender du inn skjemaet for kvart kurs/deltakar du vil melde på.

Faktura vil bli sendt ut i løpet av våren 2019.

Klikk her for påmelding

Ny påmelding for hausten 2019 vert annonsert på SIL heimesida og sosiale mediar.

Viktig! Ein må ha meldt deltakaren inn i Sogndal klatreklubb på MinIdrett før ein startar på klatringa.

Det gjerast her. Meld medlemsskap" til "Sogndal idrettslag" og gruppa "Klatring".
Ein må vere registrert i minidrett under "Sogndal idrettslag" og "Klatring" for å vere forsikra og for å kunne delta på barneklatringa.

Følg gjerne denne rettleiinga.

Barneklatring

Aldersgruppe yngst 6-7 år

Vi ønskjer å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten. Målet er å legge opp til gode opplevingar med klatring, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Gruppene er på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Vi følgjer Noregs Klatreforbund sine retningslinjer for klatring med barn, og aktiviteten vil difor i hovudsak dreie seg om klatring på låge veggar utan sikring, i tillegg til klatring på topptau. Føremålet er å gjere ungane kjent med sporten.

Denne gruppa er ein prøveordning og vert starta opp med forbehold av nok påmeldte.

Pris: kr 1000,- per deltakar

* Mandagar kl 17:00 - 18:30

Aldersgruppe yngre 8 – 9 år

Vi ønskjer å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten. Målet er å legge opp til gode opplevingar med klatring, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Gruppene er på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Vi følgjer Noregs Klatreforbund sine retningslinjer for klatring med barn, og aktiviteten vil difor i hovudsak dreie seg om klatring på låge veggar utan sikring, i tillegg til klatring på topptau. Føremålet er å gjere ungane kjent med sporten, men ikkje å gjere dei til sjølvstendige klatrarar.

Pris: kr 1300,- per deltakar

* Mandagar kl 17:00 - 19:00

* Torsdagar kl 17:00 - 19:00

Barneklatring eldre 10 – 12 år  

Målet med barneklatringa er å gi ungane ein allsidig introduksjon til sporten, og fokus vil vere på klatreglede, meistring og sosial leik. Grupper på opptil 12 ungar som vekslar mellom å buldre og å klatre. Ungane vil få opplæring i å sikre kvarandre på topptau, men opplæringa har ikkje til hensikt å gjere ungane til sjølvstendige klatrarar.

Pris: kr 1300,- per deltakar

* Onsdagar kl 17:00 - 19:00

Ungdomsklatring

Ungdomstrening - aldersgruppe 13  – 19 år

Dette er gruppa for ungdom som er ivrige og vil trene for å bli gode på klatring. Vi har to grupper, på den eine gruppa treng ein ikkje har brattkort. Ungdommane vil i løpet av kurset få muligheit til å ta brattkort. På denne gruppa er det sikringsmessige handverket i fokus.
På den andre gruppa må deltakarane ha brattkort og vere såpass sjølvstendige at dei kan klatre og sikre kvarandre på eiga hand. Fokus vil vere på teknikk, rørslemønster og enkle treningstips i tillegg til finsliping av sikringsteknikken. Målet på begge grupper er å auke ferdigheitsnivået til deltakarane, både klatre- og tryggleikskompetansen.

Sjå linker for informasjon om brattkort;

Bratt kompetanse

Norges klatreforbund - Brattkortprøve

Norges klatreforbund - Bestemmelser om NKF sine kort

 

Pris: kr 1500,- per deltakar

Onsdagar 19:00 - 21:00 (med- og utan brattkort)

Foreldrekurs brattkort

Formålet med kurs er at deltakaren får tilstrekkelige kunnskapar og sikringsferdigheter ved topptau- og ledklatring til å kunne opptre sikkert på innandørs klatrevegger. Deltakarane skal lære å ta på utstyr utan hjelp, gjennomføre kameratsjekk og løypande sjekk, og sikre ein anna klatrar (voksen og barn) under topptauing, leding og nedfiring.

For å halde kurset treng ein minst 3 deltakarar.


Kurset er delt i 3:
Dag 1 (4 t): Klatring på topptau og topptaukortprøve.
Dag 2 (4 t): Klatring på led
Dag 3 (4 t): Oppfølging og Brattkort prøve

Pris: 1200kr.
Det er mogleg å bare delta på dag 1. Pris: 700kr.
For å kunne sikre barn på barneklatring må ein ha topptaukort. Ein MÅ vere merksamd at ein må ha brattkort for å klatre i Idrettssenteret utanom barneklatringa. Idrettssenteret har ikkje faste topptau, og ein må klatre på led for å legge til rette for klatring på topptau.

Informasjon om brattkort:

Bratt kompetanse

Norges klatreforbund - Brattkortprøve

Norges klatreforbund - Bestemmelser om NKF sine kort

Kontakt & påmelding

For spørsmål generelt om barne- og ungdomsklatring ta kontakt med
e-post: skk.barneogungdomsklatring@gmail.com

Gustav Tøstesen, mobil: 921 28 086.
Ingri Aftret Løseth, mobil: 907 00 519.
 

Klikk her for påmelding