TERMINLISTE FOR ORIENTERING 2025

Under finn du terminliste for Sogndal IL sine treningsløp, krinsløp i Sogn og Fjordane og nasjonale løp der krinsen organiserer reise.

Meir info om barnetreningane på tysdagar finn du på sida O-trening for barn og unge og på appen Spond.

NESTE TRENING:

Trening torsdag 5. juni kl. 17:00 frå Vesterland feriepark (Kaupanger). Parkering like ved Rv5. Meir info kjem på facebook.


Treningsløp for Sogndal IL

Treningsløp  torsdagar med fri start mellom kl 17:00 og 18.00. Løpa er opne også for dei som ikkje er medlem i Sogndal IL.

Påmelding ved oppmøte. Dei som ønskjer tidtaking bør helst starte før kl. 17:30.

Det er som oftast fem løyper å velje i, frå nybyrjar til ekspert:

  • Nybyrjar (1,5 km)

  • Lett øvd (2 km)

  • Vidarekomen (3,5-4 km)

  • Ekspert kort (3,5 km)

  • Ekspert lang (5 km)

Treningane passar for alle, frå familietur til kondisjonstrening. Spør arrangøren ved oppmøte for å få enkel opplæring i orientering om du ønskjer det.

Alle løpa blir annonsert med meir detaljert info om oppmøte, parkering m.m. på facebooksida vår: Orienteringsgruppa i Sogndal IL

Resultat frå løpa blir lagt ut på sida Aktuelt frå Orientering.

Betaling: Du kan enten betale avgift for enkeltløp eller årsavgift til o-gruppa. Sjå meir info på sida Medlemsskap/treningsavgift.

Familiesøndagar og aktivitetsdagar er eit ekstra løpstilbod vi har nokre helger der ein kan møte opp og springe løyper frå treningsløpet onsdagen før. Her vil vi ha litt ekstra fokus på det sosiale, kanskje grille og på anna vis lage det triveleg på samlingsplass. Og alle er sjølvsagt velkomne.


Vekas løype

- når du ikkje har høve å springe på torsdagar
Løypene frå treningsløpa heng ute i 1-2 veker etter kvart løp. Du får umiddelbar tilgang til pdf av karta ved å sende e-post til vekasloypesogndal@gmail.com
PS: Det kan hende tenesta ikkje er oppdatert med vekas løype før litt ut på fredagen.


Livelox, UsynligO og O-range

Vi legg ut dei fleste av våre treningar og andre løp på Livelox og UsynligO.

Livelox er ei netteneste for å laste opp GPS-spor og sjå korleis du og andre har løpt. Du må ha ein brukar for å laste opp spor, og i innstillingane kan du kople Livelox-brukaren til Garmin Connect og andre GPS-klokke-appar slik at Livelox automatisk kan hente spor frå løp du har deltatt på. Har du brukar i påmeldingssystemet Eventor fungerer denne også på Livelox. Du må da først logge inn på Eventor for så å trykke på dei ni kvite firkantane øvst til høgre på sida og gå til Livelox. Det er gratis å laste opp spor og sjå enkeltløparar ein og ein, men ein må betale abonnement for å sjå “fellesstart” med fleire løparar samtidig, og få tilgang på diverse analysefunksjonar.

UsynligO er ein app som ved hjelp av gps-en i mobilen din “plingar” når du er på posten. Slik blir det mogleg å springe løypene også etter postane er tatt inn. Merk at appen ikkje er 100% nøyaktig, og kan plinge 20-30 m “feil” i skogen. Appen er gratis og tilgjengeleg for alle. Vi oppmodar alle om å legge att namn i resultatlista på appen slik at me kan få med alle som brukar løypene inn i vår statistikk.

Har du ei litt nyare Garmin GPS-klokke kan du installere appen O-range, som fungerer på same måte som UsynligO, men du får da løypa direkte inn på klokka og slepp å ha med deg mobilen i skogen. O-range lar deg laste inn alle løyper som ligg i Livelox. Når du har logga inn går du på fanen “Livelox” og søkjer på “Sogndal” for å finne våre løp. Appen finst både gratis og i betalt versjon, men den gratis versjonen er tilstrekkeleg for å springe vanlege løyper.