Turn

Turndag

Sogndal turn ynskjer alle store og små, besteforeldre og alle andre hjarteleg velkomne til å sjå kor flinke turnarane våre er vortne!

Turndagen vert i år halden på Vesterland, måndag 11.februar kl 17.00 - 19.30.

Alle turnarar må møte til kl 17.00 denne kvelden.

Parkering:

Det er parkeringsplassar både framom, på “bortsida” og over kafeen på Vesterland, Dersom det vert fullt på desse plassane er det òg mogleg å parkera på travbana. Ein bør då rekna fem minuttar til å gå til Vesterland.

Bilettpris: kr 30,- per vaksen. Born er gratis.

Det vert sal av kaffi og kaker - vel møtt!

Turn: Innkalling til årsmøte

Styret i Sogndal turn kallar inn til årsmøte tysdag 26. februar kl. 18.00 i Flostova på Fosshaugane Campus.

Saklista er som følgjer:

  1. Opning av årsmøtet

  2. Godkjenning av innkalling og sakliste

  3. Val av ordstyrar og skrivar

  4. Godkjenning av årsmelding

  5. Godkjenning av rekneskap 2018 og budsjett 2019

  6. Val

  7. Ymse

Andre saker må meldast til styret på e-post til Agna Hollekve (leiar) innan 12. februar. E-post: agna.hollekve@outlook.com

Vel møtt!

Ny klubbkolleksjon for turngruppa

Me har plukka ut ny klubbkolleksjon for turngruppa, med gensar, t-skjorte og bukse. Kleda kan fåast i storleikane xs-3xl/116-164.

Gensaren vil ha trykk med både idrettslaget og turngruppa sine sponsorar. På ryggen skal det stå Sogndal øvst, og TURN nedst på ryggen. Kvar einskild kan i tillegg velje å ha sine eigne initialar på gensar og/eller bukse.

I første omgang lagar turngruppa ei fellesbestilling. Tilbakemelding om kva klede den einskilde skal ha, med opplysingar om storleikar, må sendast på e-post til boeyum@hotmail.com innan 7. desember 2018.

Det er òg mogleg å bestilla etter denne datoen, med atterhald om at Intersport ikkje alltid har alle storleikar på lager.

Skjermbilde.PNG

NB - Nye treningstider turn!

På grunn av stor pågang til dei ulike aldersgruppene i turn, vert det nokre endringar i dei oppsette treningstidene:

Treningstider frå og med måndag 3.september:

  • kl. 17.00 - 18.00: 6. klasse og oppover
  • kl. 18.00 - 19.00: 5. klasse
  • kl. 19.00 - 20.00: 3. og 4. klasse

I timar med blanda klassetrinn, vert turnarane delt i grupper med dei som er jamaldra.

Vel møtt til første turntrening på Vesterland 3. september - og avtal gjerne samkøyring foreldre i mellom!

Viktig informasjon om turnsesongen 2018/2019

Mange har hatt lyst til å ta til på turn med Sogndal Idrettslag, og me har diverre måtte begrensa talet plassar på somme av gruppene. Dette ynskjer me å gjera noko med, og me flyttar difor turntreningane frå Trudvang til idrettshallen på Vesterland.

Dette vil gje oss større plass å boltre oss på, og me håpar at så mange unge turnarar som mogleg vil vera med! Flyttinga gjeld for 3.klasse og oppover. Me oppmodar foreldre om å organisera samkøyring til treningane. 

Treningene startar opp i veke 36, og alle gruppene vil ha treningsdag måndag. Første trening vert altså måndag 3. september.

Førebelse treningstider er slik:

4. - 5. klasse: 17-18, 6. - 7. klasse: 18-19, 3.klasse: 19 - 20. (NB! Tidene kan bli endra, så følg med her for oppdatert informasjon fram til veke 36)

Alle nye turnarar må meldast inn via MinIdrett. Turnarar som er innmelde i MinIdrett frå førre sesong, har sin plass. For rettleiing i registrering i MinIdrett, sjå SIL sine sider: http://www.sogndalidrettslag.no/minidrett/

Minner om at alle må betale medlemsavgift til SIL i tillegg til treningsavgifta. Dette, saman med innmelding i MinIdrett, er naudsynt for at turnarane skal vera forsikra, sjå meir informasjon på heimesidene til SIL.

Spørsmål om treningstider og påmelding kan sendast til sogndalturn@gmail.com

Vel møtt til ein ny, spanande turnsesong!

Turndag 4. februar 2018

Sundag 4.februar kl. 16.15 - 18.15 vert det turndag i idrettshallen for alle turnarar i Sogndal idrettslag!

Turnarar, foreldre, sysken og andre er velkomne til Sogndal idrettshall denne dagen.

Det vert felles oppvarming for turnarane, og etter dette vert det sett opp ulike stasjonar med ulike øvingar. Turnarar som har turndrakt og overtrekksdrakt til Sogndal idrettslag skal ha på desse.

For yngre sysken vert det sett opp ein eigen barnekrok, og me riggar til kafé med sal av kaffi/te, saft og kaker.

Det vert sendt ut dugnadsliste til foreldra i 3. og 4. klassegruppene.

Vel møtt!

Ikkje fleire plassar att i 3.- og 4.klassegruppene

Mange ynskjer å vera med på turn, og det er kjekt med stor pågang til gruppene. Det er diverre ikkje ubegrensa plass på turntreningane, og turngruppene for 3.klasse og 4.klasse er no fulle. Det vil ikkje bli teke opp fleire born til desse gruppene. Det er òg viktig at føresette til born som er på treningane les e-post om innmelding i Minidrett, og registrerer borna sine der.