Sogndal idrettslag

SIL utøvarane Myrvang og Navarsete løfta begge til gull

NM i benkpress. Nils Espeseter (t.v.) , Tommy Navarsete (midten framme), Fredrik Eskil Myrvang (midten bak), Roger Navarsete (t.h.).

NM i benkpress. Nils Espeseter (t.v.) , Tommy Navarsete (midten framme), Fredrik Eskil Myrvang (midten bak), Roger Navarsete (t.h.).

 

Fredrik Eskil Myrvang og Roger Navarsete tok begge gull under NM i benkpress i Oslo. Navarsete tok gull i vektklasse -93 kilo. Myrvang tok både gull og sette ny noregsrekord med eit løft på 180 kilo i vektklasse -59. – Det har vore ei barriere å få til 180 kg i ein konkurranse, så no må eg sette meg nye mål, seier Myrvang. Om kort tid ventar VM i Sør-Afrika. 

https://www.nrk.no/sognogfjordane/lofta-til-gull--1.13978355

Det er ikkje første gong våre utøvarar gjer det bra. 

 

App til MinIdrett gjer jobben lettare

https://www.idrettsforbundet.no/Nyhet/oppdatert-min-idrett-app-tilgjengelig/

Norges idrettsforbund (NIF) har lagt ut nyhende om oppdatert app for MinIdrett. Dei skriv

Min idrett for iOS og Android er lansert i ny versjon med nytt og forbedret utseende. NIF ønsker å gjøre det enda enklere for medlemmer og foresatte å administrere deltagelse i idretten.

Appen lar deg raskt og enkelt ordne med blant annet påmeldinger, betalinger og lisenser. Betal medlemskontingenten mens du venter på bussen, meld deg på helgens arrangement mens du står i kassekø på butikken. Og trenger du å oppdatere podens profil, så kan du gjøre dette i en fei.

Min idrett gir deg tilgang til alt dette:

  • Terminliste, påmelding og betaling til arrangement
  • Online betaling av medlemskontingent, aktivitetsavgifter og annet fra KlubbAdmin
  • Online betaling av lisens og oppgradering av lisens
  • Nedlasting av Medlemskort og Lisenskort
  • Søke medlemskap i klubb
  • Tilgang på familiemedlemmers profil
  • Kalendervisning

Last ned appen nå! 

Innkalling til årsmøte i symjeklubben

Symjeklubben sitt årsmøte blir avvikla kl. 18:00 til 19:30 17. februar 2016 i Flostova på Campus.

Alle medlemar av symjeklubben er hjarteleg velkomne til årsmøte. 

Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 1 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vil vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Saklista er

1.                  Godkjenne dei som har stemmerett

2.                 Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

3.                 Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen

4.                 Handsame symjeklubben si årsmelding

5.                 Handsame symjeklubben sin rekneskap

6.                 Handsame forslag og saker

7.                  Fastsetje treningsavgift

8.                  Vedta symjeklubben sitt budsjett

9.                 Gjere følgjande val:

a)      Leiar og nestleiar

b)      3 styremedlem og 1varamedlem

c)      Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte

Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetal.

Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.