For trenere og lagledere
Her finner du informasjon nyttig for trenere og lagledere i Sogndal Il.
Krav om politiattest i Sogndal idrettslag
Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
I Sogndal idrettslag blir ordninga handtert på følgjande måte:
Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.
Dette skal gjerast i samråd med:
Helle Selseng
e-post: helle.selseng@sogndalidrettslag.no
Begge representantar har teieplikt ovanfor uvedkommande for dei opplysningar dei får kjennskap til.
Innhenting på ein-to-tre
1) Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Info om politiattester og søknadsskjema finn ein her: www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest. Stadfesting får ein av ansvarleg for politiattest, Helle Selseng.
2) Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
3) Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til ansvarleg for politiattest, eventuelt vara, sjå ovanfor. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.
Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Intern informasjon
Økonomihandbok
Økonomihandbokaer ei orientering om laget si økonomistyring og ei rettleiing i administrative rutinar. Handboka er eit godt hjelpemiddel for gruppeleiarane. Spørsmål om økonomi kan rettast til økonomiansvarleg, Jan Erik Weinbach (weinbach1@gmail.com) eller tlf 40408981.
Org.nr: 983981178 / Bankkontonr.: 3785 12 19006
Økonomiservice
Økonomiservice er SILs regnskapsfører fra og med 2018. Dei treng info om dei tilsette til lønnsystemet. Hvert gruppestyre er ansvarleg for å formidle denne informasjonen vidare til alle som treng å nytte timelister, ikkje minst til den økonomiansvarlege i gruppa.
Her finn de link til "skjema for tilsette" som må fyllast ut på kvar tilsett. Ansattnr/tilsettelsesnr får de frå Økonomiservice når dei har oppretta trenarane i lønnsystemet.
Her finn de link til "skjema for timeliste".
Fakturaer til SIL frå leverandørar ønskes mottatt i EHF, oppgi orgnr 983981178.
Kan ikkje leverandør sende EHF må dei sende faktura til 983981178@faktura.poweroffice.net
NB! Hugs merking med idrettsgrein og kontaktperson på faktura. Faktura som ikkje er merka tydeleg blir ikkje betalt, og eventuelt meirarbeid med å finne rett gruppe og eventuelle gebyr blir belasta den gruppa som har bestilt utan å merke bestillinga tydeleg.
Aktivitetsguider
Kva kan vi hjelpe med?
Vi arbeider med mangfald og inkludering i fritidsaktivitetar, og er ein brubyggjar mellom familiane og idretten.
Har de nokon på laget eller i gruppa dykkar som treng oppfølging knytt til språkutfordringar, innmelding og betaling av treningsavgift, skaffe rett utstyr, utsending av informasjon eller liknande, kan vi hjelpe. Vi bidreg med det som trengst for at alle skal få moglegheit til å delta og bli inkluderte i fritidsaktiviteten.
Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko vi kan hjelpe med, eller om de har spørsmål:
Hedda Romberg – +47 46 47 30 49
Ole Andre – +47 919 98 082
Mailadresse -aktivitetsguide@sogndalidrettslag.no
Sogndal idrettslag si nettside
Treng du tilgang for å publisere på nettsida?
Send e-post til post@sogndalidrettslag.no.Innlogging på nettsida
Trykk på Esc-tasten på tastaturet når du er på nettsida eller gå til www.sogndalidrettslag.no/config og skriv inn ditt brukarnamn og passord heiSlik publiserer du på nettsida
Manual for Sogndal idrettslag si Squarespace-side finner du her last ned (pdf)
Kva informasjon skal gruppene ha på sine sider?
Kontaktinformasjon styret/trenere
Vil du delta?
Vil du bidra?
Saksliste og referat; fra minimum årsmøtet
Treningstidar
Treningsavgiftar
Kvar finn du meir?
Sosiale medium
Spond (lenke/kode)
Etc
NB Utdatert informasjon må slettes/skjules/fjernes
Mobilapp for publisere på nettsida
Ønskjer du å bruke mobilen din eller nettbrett for å legge ut Aktuelt-artiklar har Squarespace app`ar som gjer nettopp det.
Last ned Squarespace blog app: søk etter "Squarespace blog" på Apple Appstore eller Google Play.
Du må legge inn www.sogndalidrettslag.no i tillegg til ditt brukarnamn og passord.
For support på app: http://help.squarespace.com/guides/?category=Mobile+Apps
Support på publiseringsverktøyet squarespace:
Nettsida er levert av Gasta design & kommunikasjon as - www.gasta.no
Supportsider Gasta: http://support.gasta.no
Supportsider Squarespace: http://help.squarespace.com
Support epost: post@gasta.no
Support telefon: 57 62 77 70 (0800-1600). Telefonsupport blir fakturert med kr. 490,- pr. 0,5 time.