Friidrett

Velkommen til Friidrett - ein fin aktivitet for heile familien!

Kontaktinfo

Ingeborg Kvåle Bruflot

Leiar

Mob: 97673178

Øvrige styremedlemmar:

  • Benedikte Aa

    Økonomi

  • Anders-Johan Almås

    Styremedlem

  • Johanne Broch Hauge

    Styremedlem

  • Njål Ødegård

    Styremedlem

Treningstider

Fredagar for alle aldre kl 15.30-16.30 frå påske til haustferie

Treningane finn stad på Kvåle stadion/friidrettsarena så lenge det er lyst og varmt nok til det.

Det kan bli endringar i treningstidene. Oppdatert informasjon vil ligge i Spond

Studentar/eldre ungdom/vaksne

Det er ein gjeng med studentar/eldre ungdom/vaksne som driv løpetrening i Sogndal. Denne gruppa avtalar i stor grad treningstidene seg imellom. Ta alternativt kontakt med ein i styret dersom du ynskjer å vere med.

Frivillige - trenarar og styremedlemer

Friidretten i Sogndal er tufta på frivillig insats. Er du interessert i å vere med å ta i eit tak enten i styre eller på treningar så høyrer vi veldig gjerne frå deg!

Påmelding

Møt opp på treningane om du har lyst til å vere med! Einaste kravet er at du likar å røre på deg.

Om du ynskjer fyrst å kome og sjå om dette kan vere noko for deg er du òg velkomen til det. Nokre born er med på treningane berre i periodar av året på grunn av andre aktivitetar som kolliderer. 

For å melde deg inn i friidrettgruppa sender du navn, adresse og fødselsår på mail til styreleiar. Medlemsavgift er kr 200,- pr år og skal betalast til konto nr. 3785 12 19006 ved innmelding.
NB! Innbetalinga må merkast med Friidrett og utøvar sitt navn.

Frå 2015 brukar Sogndal idrettslag Min Idrett som medlemsregister. Du registerer deg sjølv på Min Idrett og legg inn dei opplysningane der som skal til.

Gå inn på nettsida www.minidrett.no og register deg og eventuelt andre familiemedlemmar.

I tillegg til å registere deg må du hugse å velje at du vil vere medlem i Sogndal idrettslag og idrettane du deltek på.

Det er ikkje krav om e-post og mobilnr, men idrettslaget oppmodar om at de legg inn også dette då vi treng slik informasjon for enkelt å komme i kontakt med utøvarar og foreldre ved behov.

Alle som deltek i aktivitetar i regi av SIL pliktar å betale kontingent til hovudklubben tillegg til treningsavgift til gruppene. Dette er viktig av di kontingenten inneheld forsikring for utøvaren.