Bli medlem i SIL

Støtt idrettslaget :-)

For kvart medlem får idrettslaget tildelt støtte over statsbudsjettet. Dette er grunnstøtte (populært kalla Tippemidlar) til medlemsbaserte lokale lag og foreiningar. Rett namn på desse pengane er lokale aktivitetsmidlar . Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og frivilligheit. 

Idrettslaget har teke i bruk Norges idrettsforbund sitt felles system for inn og utmelding av idrettslag. Namnet på systemet er "Min idrett".

Idrettslaget er pliktig til å nyte eit godkjent elektronisk system for medlemslister. Vi har difor valt å ta i bruk idretten sitt eige system. Du kan lese meir om Min idrett på heimesida til deira. 

Inn- og utmelding i idrettslaget gjer du på di personlige side i Min idrett. Om du ikkje har ein profil på Min idrett må du opprette ein slik profil for å kunne melde deg deg eller eit familiemedlem inn i idrettslaget. For å opprett din profil på Min idrett går du til www.minidrett.nif.no

Vi har laga ein rettleiar for korleis du går fram for å opprett din profil og korleis du melder inn ein eller fleire personar i idrettslaget. 

Om medlemskap

Alle som deltek i regelmessig aktivitet i regi av SIL pliktar å betale medlemskontingent. I tillegg til treningsavgift til gruppene, som t.d. handball, fotball, taekwondo osv...

Kontingenten inneheld barneforsikring  fram til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må sjekke forsikringsordninga som gjeld for aktuelt idrett og forbund. 

Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og blir nytta til å betale  fellesutgifter.

Idrettslaget sine medlemmar får rabatt på utvalte varer hjå vår samarbeidspart Intersport Sogndal. 

Spørsmål? Ta kontakt med styret.

Prisar

Medlemskap                                     Pris             

Voksen                                            kr 300,-

Born og ungdom u 21 år             kr 200,-