Symjing

Symjegruppa er redda - det er også eit livsviktig aktivitetstilbod!

ÅRSMØTE

Sogndal IL symjegruppa.

Årsmøtet fann stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.

Saksliste:
1. Konstituering og opning av møte

2. Val av
a) Ordstyrar – Svein Tore Sviggum
b) Referent - Harald Mo
c) To til å signere protokoll Elisabet Skrede og Susanne Kirkebø

3. Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjent

4. Årsmelding
Godkjent

5. Rekneskap
Godkjent

6. Budsjett

Godkjent

7. Val av styre
Følgjande nytte styre vart valt:

Leiar Elisabet Skrede Elisabet.skrede@hotmail.com tlf 91 86 60 50

Silje Heggestad silje@advokat-tollefsen.no tlf 91 64 40 35

Susanne Kirkebø susanne.kirkeb@gmail.com tlf 95 46 75 74

Sigrid Henjum sigrid.henjum@gmail.com 91 19 75 47

Ny styreleiar kallar sjølv inn til første møte.

8. Oppløysing og nedlegging av symjegruppa

Nytt styre valt så dette vart ikkje aktuelt

9. Eventuelle saker

Ingen

Forslag om å leggje ned symjegruppa!

Symjegruppa treng nytt styre, elles er det slutt etter over 40 år med symjegruppe i Sogndal.

Noverande styre har ingen ungar og deltek heller ikkje sjølv i aktivitetar i gruppa.

Eit nytt styre må veljast på årsmøte 9. mars 2023.

Årsmøtet finn stad torsdag 9.mars kl 20:00 på Høgskulebygget, 2. etasje, møterom Keiserinna.


Om ikkje nytt styre blir valt på årsmøte så vil det eksisterande styret foreslå nedlegging av symjegruppa.

Økonomi og aktivitet er god, men utan eit styre forsvinn dette aktivitets- og treningstilbodet.