Fyrste symjetrening att for vårt barne og ungdomsparti blir torsdag 17.september kl 16:30.
Me ynskjer alle velkomne tilbake!
Avsluttning av symjesesongen 2019
Torsdag 12. desember rundar me av ein flott symjesesong for våre barne og ungdomssymjarar. Det vil bli ei leikprega symjeøkt med forfriskningar etterpå.
Siste symjekurs for sesongen blir mandag 16. desember.
Heile 52 symjarar har delteke på våre tilbod som består av frå symjekurs, barne og ungdomssymjing og vårt reoppstarta masterparti.
Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets
Vår eigen Lilly Schøyen er valt som styremedlem i det første styret til Vestland idrettskrets 👏. Stolt idrettslag 💕 gratulera Lilly og dei andre som blei valt. Historisk dag for Vestland, idretten og vår eigen Lilly er ein del av den historia 😍
Vestlandscup Speed og Buldring Sogndal 30.11.2019
Vestlandscup er ein klatre/buldre konkurranse for barn og ungdom fra 9-16 år (født 2008 og yngre). Det er åpent for at yngre barn kan delta, men rutene er tilpassa fra 9 år. Du må være medlem av ein klatreklubb tilknytta Norges klatreforbund. Konkurranseforma er uhøgtidleg og målet er å lage eit uformelt og inkluderande tilbud til denne aldersgruppa. Konkurransen er i tauklatring, speed og buldring. Det er fire ulike aldersklasser og det er ruter med varierande vanskelighetsgrad. I tillegg er det ein klasse for klatrarar med funksjonsnedsetting.
Påmelding
Så snart som mulig, og helst innan mandag 25.11.19 via minidrett.no. Overnatting i klasserom på Campus.
Foreldre og trenarar som ønskjer pizza bestiller dette ved registrering, kr 100,-. Betalast med Vipps.
Ønskjer om vegan/allergi, gi beskjed ved registrering. Vegan alternativ: Falaffel burger.
Sogndal Klatreklubb SIL stiller med instruktør og foreldra hjelper til (spotting, resepsjon, poengsystem blant anna). Vi kjem likevel til å trenge meir hjelp i løpet av dagen til f. eks. sikring, organisering av mat/drikke. Vi håpar tilreisande voksne er beredt til å bidra.
Avgift
Kr 100,- pr. barn/ungdom. Avgifta fakturerast klubbane av Sogndal Klatreklubb SIL i ettertid. Avgifta dekker blant anna frukt, instruktørutgifter, adgang til hallen heile dagen, administrativt arbeid, middag og overnatting. Det skal være et lavterskeltilbud som er meint å gå i null. Dersom det blir mange påmeldte og budsjettet ikkje strekk til, blir adgang til hallen på kr 80,- i tillegg.
Avgift for Sogndal Klatreklubb SIL: Vi tilstrebar at dette blir kr 0,- for barn/ungdom da klubbmedlemmer ikkje må betale inngang i hall og skal ikkje overnatte.
Ta med: Klatresko. Dei som har eigen sele tek med. Du får frukt og middag lørdag, men ta med matpakke og ei flaske vatn. Varm jakke, Toalettsaker, liggeunderlag/madrass, sovepose.
Dusj/garderobe/toalett på kortsida i hallen.
Tidskjema for konkurransen
(Konkurranse tidskjema kan variere)
12.00-13.00 Registering og oppvarming. Servering av frukt. 13.00-16.00 Konkurranse
16.00-16.30 Poengberegning og rangering
16.30-17.00 Publisering av resultat og premieutdeling
19.00-20.00 Pizza
Det blir ikkje kafe, men resepsjonen til Sogndal Klatresenter sel diverse drikke, yoghurt og barar.
Lørdag og søndag er det og treningsseminar for foreldre og trenarar, sjå eige arrangement. Søndag er det regionsamling for barn/ungdom fra 9-18 år, sjå eige arrangement.
Kontaktperson:
Jenny Farsund Storvik
Leiar, Sogndal Klatreklubb SIL
48029768
Sogndalklatreklubb@gmail.com
Plan for barneidrett 5-6 år høsten 2019
Her finner dere plan for barneidretten 5-6 år for høsten 2019.
Mer info finner dere på FaceBook siden Barneidrett Sogndal Idrettslag 5 og 6 år
Oppstart av barneidrett for 2.klassinger tirsdag 22.oktober 2019
Alle 2.klassinger ønskes velkommen til å være med på allsidig aktivitet i gymsalen på Trudvang.
Tirsdager kl 16:30 - 17:30. Velkommen!
Se vedlegg for mer info.
O-løp Kaupanger skule 2019-10-02
Resultat frå treningsløpet 2.oktober 2019
Det vart godt oppmøte og godt vêr på siste treningsløp for sesongen. Hugs at løypene ligg ute ei veke. Send ein e-post til vekasloypesogndal@gmail.com og få kart tilsendt.
Løype N
Espen Fugelsøy Bystøl 47.14
Anders Fugelsøy Bystøl 47.14
Thor Espen Fugelsøy 47.14
Sigurd Helleve Orkelbog 58.34
Jarle Helleve Orkelbog 58.34
Åsne Helleve 58.34
Løype C
1 Christoffer Irgens 1.03.33
2 Nicolai Blankson 1.04.22
3 Kari Sofie Hofsvik utan tid
Løype A kort
1 Marit Tveite Bystøl 38.30
2 Jorunn Fjermestad 38.47
3 Oddbjørn Ramstad 1.01.41
Løype A lang
1 Robert Tellvik 52.01
2 Tore Frimanslund 1.07.10
3 Jorunn Aa Albretsenutan tid
O-løp Kleppa 2019-09-25
Resultat frå treningsløp på Kleppa i Leikanger
Enkel kort 0.8 km
Vilja Bremer Dingsøyr 33:57
Ebbe Furberg med Daniel 34:02
Eirik V. Henjum med Torgeir 34:27
Isak Fureli med Kenneth 35:00
Aksel Fureli med Kenneth 35:00
Ingrid V. Henjum med Hilde 37:47
Nora V. Henjum med Ronja 37:59
Aria V. Henjum med Ronja 37:59
Anna Liv Scheiber med Deta uten tid
Reto Scheiber med Deta uten tid
Viderekommen 2 km
Åse Marie Furberg uten tid
Mosjon 4.8 km
Jacob Jutrem 55:02
Tobias Lynum 56:24
Helle Seiertun Bjerke 1:17:42
Marit Grønningsæter uten tid
Ekspert lang 5.8 km
Magnus Sandven 47:46
Asbjørn Klakeg Forland 1:03:20
Hanna Axelsson Meyerson uten tid
Tore Frimanslund uten tid
O-løp Kaupanger Idrettsplass 2019-09-18
Resultat frå treningsløp på Kaupanger Idrettsplass
18.september 2019 viste haustvêret seg frå sin beste side! Vi fekk dessverre ikkje det store oppmøtet på trening, men dei som kom gjorde ein glimrande innsats :)
Enkel:
Hanna Stenevik - utan tid
Ekspert kort:
Torbjørn Stokke - 54:33
Oddbjørn Ramstad - 1:25:42
Hanna Axelsson Meyerson - utan tid
Nybegynnar lang:
Asbjørn Klakegg Forland - 44:43
Helene Hauge - 1:22.12
Lerum og Sogndal idrettslag vandrar saman i tre nye år
Sogndal idrettslag er stolt og glad over å ha forlenga samarbeidet med Lerum til og med 2021.
Lerum har vore samarbeidspart med SIL i ein mannsalder og måndag 9. september vart samarbeidet forlenga med nye 3 år.
Stødige og langsiktig samarbeid gir idrettslaget naudsynt arbeidsro til å bruke mest mogeleg av dugnadstimene våre på å fylje opp og utvikle barne- og breiddeidretten. Her har Lerum vore i ein særklasse.
SIL er takksame for den ektefølte støtta frå Lerum, som har gått i arv generasjon til generasjon :-)
Difor har vi også i overskrifta valt å låne ord frå Olav Stedje si vakre balade “Vi vandra saman”.
O-løp skytebana 2019-09-04
Resultat frå treningsløp ved Skytebana på Kaupanger 4.september
Løype N - 1,1 km
Malene Lien Molland - 50:44
Even Lien Molland - 50:44
Løype C: Mosjon - 2,9 km
Hildegunn Hellenes - 58:07
Elisabeth Eidsheim - 58:07
Sunniva Nybøe Frøland - 58:07
Løype A-kort: 2,8 km
Jorunn Fjermestad - 1:03:05
Løype A-lang: 3,9 km
Tore Frimannslund - 54:36
Helene Hauge - 1:29:22
Meldt deg på symjekurs? Oppstart 30.09
Me startar opp att med symjekurs mandag 30.september. Kursa våre går over ti ganger.
Ynskjer du å delta - meld deg på til; katarinasolvi@yahoo.no
6-7 år Vanntilvenning
Mandag kl 18-18:30
Foreldra er med i bassenget
8-9 år Symjekurs
Mandag kl 18:30-19:00
Barnet må kunne stå sjølvstendig i bassenget
Det er glidande overgang frå å vere trygg i vatnet til å bli symjedyktig. Me legg vekt på å tilby kurs som treff det nivået barnet er på. Difor vil aldersnivået på kurset kun vere rettleiande. Me stiller med to instruktørar på kvart kurs og det er avgrensa tal plassar.
Oppstart barneidrett 5-6 åringar (kull 2014 og 2013) høsten 2019
Barneidrettstrening for 5- og 6 åringer starter opp tirsdag 3.september kl 17:30 på Trudvang skule.
Hvis regn blir vi inne i gymsalen, hvis oppholdsvær ute på skoleplassen.
Mer info om plan for høsten og påmelding kommer.
Vel møtt til alle som vil! :) :D
Ta kontakt med Ellen Eimhjellen Blom, mob: 91125943 ved spørsmål.
O-løp Kaupanger Idrettspark 2019-08-28
Treningsløp på Kaupanger Idrettspark 28.august
Denne veka vart treningsløpet arrangert på Kaupanger Idrettspark. Løypene vert ikkje hengane ute som vanleg, på grunn av distriktsmesterskap i orientering som vert arrangert på Kaupanger helga 31.aug-1.sept.
Resultatliste
Løype 4
Helle Bjerke 74:33
Jacob Jutrem 56:07 (mangla ein post)
Solveig Haugland Utan tid
Tobias Lynum Utan tid
Løype 5
Kristin Munkejord 41:45
Løype 6
Marit Grønningseter Utan tid
Løype 7
Hildegun Hellenes 36:42
Sunniva Nybø Førland 38:07
Løype 8
Kari Sofie Håland Hofsvik 28:58
Aksel Fureli 54:49
Isak Fureli 54:49
Løype 9
Kristian Bergheim 18:21
Stjerne-O eller annen aktivitet
Daniel Reppen Ba***teig Niclas Høgheim Olstad
Emilie Sofie Høgheim Olstad Emma Veum Olstad
Joakim Aasen Engebø Mathias Aasen Engebø
Sindre Nerås Teigen Malene Lien Molland
Even Lien Molland Eivor Sandradotter Bakkane
Benjamin Barsnes Frøyd Casper Barsnes Frøyd
Markus Tonjer Elise Elvehøy
Nytt tilbud- Bli med på mastersymjing!
Endeleg kan symjegruppa igjen tilby mastersymjing som er symjetrening for ungdom-/voksne. Har du ikkje anna å vise til enn symjeknappen, men har lenge hatt lyst til å bli ein betre symjar eller vere ein del av eit symjelag har me eit tilbud til deg.
Me startar opp eit symjeparti for deg som kan symje, men har lyst til å heve nivået ditt. Treninga vil bestå av ein kombinasjon mellom teknikktrening og ulike program for å bedre hurtigheit og uthald. Du vil få individuelle tips for å heve ditt nivå, men like viktig er det at me har det moro på trening!
Vår mastertrenar er Nikolaj Trautner, som er tidlegare landslagssymjar og elitetrenar frå Danmar. Han vil vere både symjande trenar og instruere deg frå kanten.
Den einaste forutsetnad er at du kan symje og har lyst til å utfordre deg sjølv.
Bli med torsdagar frå kl 16:30-18:00
Bli med på symjing i haust!
Symjegruppa til SIL har følgjande aktivitetar hausten 2019;
Symjetrening kvar torsdag kl 16:30-18:00
Trenarar er; Katarina Solvi Mardal og Tom Andre Moberg.
OPPSTART TORSDAG 5.SEPTEMBER
Symjekurs over 10 gonger blir arrangert kvart semester.
Vasstilvenningskurs 6-7 år
Mandagar kl 18-18:30
(Foreldre er med i bassenget)
Symjekurs 7-8 år
Mandagar kl 18:30-19:00
(Barnet må kunne stå sjølv i bassenget)
Påmelding på mail til; katarinasolvi@yahoo.no
OPPSTART BLIR ANNONSERT
O-løp Haukåsen 2019-08-21
Treningsløp på Haukåsen 21.august 2019
Første trening etter sommarferien vart arrangert på Haukåsen. Mellom regnvêrsdagane glimta sola til og ga oss riktig gode løpeforhold.
På grunn av Distriktsmeisterskap i Orientering 31.aug-1.sept kan vi ikkje la løypene hengje ute denne veka. Alle postane vart teke inn etter løpet i dag. Det vert ny trening neste onsdag, 28.august, på Kaupanger Idrettsplass. Meld deg på hendinga på vår Facebookside “Orienteringsgruppa i Sogndal IL”.
Resultatlsite
A-løypa lang:
Elise Elvehøy - 56:02
Hanna Axelsson Meyerson - 1:01:00
Helene Hauge - 1:18:22
A-løypa kort:
Anna-Karin Clarin - 49:51
Jorunn Kristin Aa Albertsen - 50:55
Katrin Lægreid Nes - 57:27
Torbjørn Stokke - 1:16:06
Kristin Munkejord - uten tid
C-løypa:
Marit Hindrum Grønningsæter - 44:21
Calum Macintyre - 44:21
Kari Sofie Høland Hofsvik - uten tid
N-løypa:
Isak Forel - uten tid
Monica Strand - uten tid
Innmelding MinIdrett
For instruks for innmelding i idrett, klikk “learn more” under.
OPPSTART TURN HAUSTEN 2019
Hei alle turnarar - og føresette!
Det nærmar seg skulestart - og ny turnsesong🤸♀️🤸♂️
Me gler oss til å sjå att gamle - og møta nye - turnarar. Oppstart av turntreningane vert måndag 2.september. I år som i førre sesong vert treningane haldne på Vesterland.
Nytt denne sesongen er at me har to treningsdagar, måndag OG onsdag. Under følgjer dei planlagde treningstidene for hausten:
Måndag:
kl. 17-18: 5. klasse (2009-kullet)
kl. 18-19: 6. klasse (2008-kullet)
kl. 19-20: 7. klasse og oppover (2007-kullet og eldre)
Onsdag:
kl. 17-18: 3. klasse (2011-kullet)
kl. 18-19: 4. klasse (2010-kullet)
kl. 19-20: Ekstratrening 5. klasse og oppover
Ekstratreninga på onsdag er for dei mest ihuga turnarane våre, og gjerne dei som ynskjer å vera med på konkurransar. Turnarar som er med på to økter i veka vil få ei ekstra treningsavgift.
Stalltips og reglar er stort sett som i fjor: me ber om at de møter litt før til treningane, slik at turnarane er klare klokka heil. Merk at det er trangt om plassen på parkeringa framfor Vesterland, og det kan særleg bli kaotisk ved henting og levering. Nytt dei andre parkeringane som finst på Vesterland, det er godt skilta! Me oppmodar elles om samkøyring, det er godt for både tidsklemma, klimaet og ettermiddagskvilen.
Nytt av året er at føresette/andre som er er tilstades på Vesterland må pårekne å bli med som "ekstrahjelp" under treningane dersom det er behov for det. Føresette vert sett til enkle oppgåver som ikkje krev turnkunnskap, så ikkje gøym dykk under borda eller bak telefonane. Litt hjelp frå foreldre er naudsynt dersom me skal gje plass til så mange som mogleg i kvart kull!
Innmelding i turngruppa skjer i år som i fjor via MinIdrett, sjå eigen instruks om innmelding. MERK AT TURNARAR SOM VAR MED I TURNGRUPPA FØRRE SESONG AUTOMATISK VERT REKNA SOM MEDLEMMER DENNE SESONGEN. TA GJERNE EIN SJEKK PÅ OM BARNET DITT ER MELDT INN. DERSOM DET IKKJE SKAL VERA MED LENGER, MÅ DET AKTIVT MELDAST UT. Ta kontakt om noko er uklart.
Vel møtt!
Taekwondo Kick-off og jubileum
Bli med på Taekwondo Kick-off og 10-årsjubileum 7.–8. september 2019.
Last ned programmet | Påmelding

