Taekwondo

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

NM-medaljar til SIL-taekwondo

NM-medaljar til SIL-taekwondo

Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!

Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.

KICKOFF 2023

KICKOFF 2023

Berre ei veke til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi, Kristin Ylvisåker og Runar Langeteig + konkurranse-teamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2023

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

KICKOFF 2022

KICKOFF 2022

Berre to veker til kickoff og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum, vår eigen master Trond Schøyen Høgi, 9.dan Kancho Abbas Abbas Ekhtiyari og tidlegare verdsmeister i Muay Thai Tiago Mendes 💪

Rydd helga og meld deg på! https://www.deltager.no/event/sil_tkd_kick-off_2022#init

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

Medaljar i Sommarcup for konkurranseteamet vårt!

I kveld fekk me delt ut dei synlege bevisa på den strålande innsatsen til konkurranse-jentene våre på sommarcupen for vel ein månad sidan. Bronse i synkron (3 utøvarar) for Ida, Emilie og Elin. Sølv individuell til Embla i sin klasse, og gull til Emilie og Sølv til Elin i sin klasse. Det har krevd mange treningstimar i sommar, og dei eldste har gjort ein strålande jobb med å instruere og pushe dei yngste. Ein som manglar på bilete er Runar. Han har gjort ein fantastisk jobb med å coache alle fire, og stått for filming og innsending. Me er godt stolte av dykk!