Buldrecupen er eit uformelt og sosialt tiltak som Sogndal Klatreklubb SIL arrangerar første tirsdag i kvar månad i "vinter" sesongen.
Sjå facebook for informasjon
Klatring: Årsmøte 5. desember kl. 19:30
Årsmøte i Sogndal klatreklubb SIL 5. desember kl. 19:30
Sjå facebook for informasjon
Innmelding av saker og kommentar er 21. november
Send e-post til sogndalklatreklubb@gmail.com
Sakliste årsmøte
- Godkjenning av stemmeberettigede
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av ordstyrar, referent og to medlemmer til å underskrive protokoll
- Årsberetning v/ styreleiar
- Barne- og ungdomsklatring v/Morten
- Regnskap v/ Anne-Kjersti
- Behandling av innmeldte saker
- Sak 1.
- Klubben skal ha eit boltelager tilgjengeleg for klubben sine medlemmar. Lageret skal ha opptil 250 boltar med hengarar og 50 anker tilgjengeleg ved sesongstart. Klubben kan ha innkjøp for inntil 20 000 kr årleg til boltelageret.
- Sak 2.
- Søknad om NM i led og speed i 2018.
- Sak 3. Gjenopning av klatrefeltet ”Loven” i Aurland.
- Sak 1.
- Fastsette kontingent og treningsavgift.
- Vedta budsjett
- Val av styre
Barneidrett 2011/2012 deles i TO GRUPPER fra tirsdag 31.10.17. 2012-kullet starter kl 17:00, 2011-kullet starter kl 17:45.
Det er gledelig mange barn som har møtt på barneidretten for 5 og 6-åringene (2012 og 2011-kullene) i høst. Pga plassmangel og mht organisering deler vi gruppen i to: 2012-kullet: Kl 17:00-17:45. 2011-kullet: Kl 17:45-18:30. Tirsdager. Trudvang skule, gymsalen. Planen er ellers som før for begge gruppene.
Vi har fått med noen flere nye supre trenere: Amund Riiser, Ingrid Hove Harkjerr og Tore Frimanslund, i tillegg til Espen, Guro-Kristin, Stig, Liv-Berit, Silje, Jan Helge, Anders-Johan og Ellen.
Minner ellers om registrering på Min Idrett og betaling av kontigent til kontonr på SIL hjemmeside.
Framlegg om ny fleirbrukshall ute på høyring
Sogndal kommune har fått utarbeidd ein rapport som vurderer moglegheitene for å byggje ut ein ny fleirbrukshall i Sogndal. Ein ny fleirbrukshall er meint å stette både skulane og idretten sine behov. Sogndal idrettslag har hatt med fleire representantar i i referansegruppa som har arbeida med framlegget.
Oppstart barneidrett 2. og 3. klasse
Onsdag 18. oktober blir det oppstart av barneidrett for 2. og 3. klasse i gymsalen på Trudvang klokka 18 - 19. Vi har fått tak i 6 instruktørar frå Sogndal vidaregåande som skal sørge for god og variert trening. Trenarar er Irene Steig, Eirin Teigen Volle, Margunn Helleland, Torjus Øydvin, Martin Hestad og Torstein Kjørnes.
Vi har utvida tilbodet til også å gjelde 3. klasse sidan det ikkje var så godt oppmøte på første trening. Vi oppmodar alle til å ta ein liten pause frå fotballtrening og bli med oss på kjekk og variert trening i gymsalen. Irene, Eirin og Margunn vil vere ansvarlege for treningane framover hausten, og gleder seg til å sjå fleire på trening.
Vi ønskjer vel møtt til trening!
Oppstart Langrenn
SIL Taekwondo - Svartbeltecamp i Jostedalen 2017
Resultat treningsløp Moane Hafslo
Resultatliste SMILI 2017
Oppstart barneidrett 0 - 5 år onsdag 20. september
Barneidretten vil ha oppstart for dei minste onsdag 20. september klokka 17 - 18 i gymsalen på Trudvang. Hugs inngang via garderobane i kjellaren. Trenar for denne gruppa er Anne Liseth.
Vel møtt til trening!
KM-sprint orientering 9. september RESULTAT
Invitasjon til klatringens dag og friluftslivets veke
Lurar du på om klatring kan vere noko for deg? Lite erfaring med klatring eller aldri prøvd å klatre ute før?
Denne dagen stiller klubben med utstyr, sikrarar og grillmat. Det blir ikkje eit kurs, men ein mulighet til å prøve klatring ute. Du treng ingen forkunnskapar, og treng ikkje å vere medlem. Men, vi håpar sjølvsagt at du får lyst til å melde deg inn i løpet av dagen! Det blir informasjon om klatrekurs og klatreklubben sine aktivitetar utover høsten.
Aldersgrense 16-60 år.
Stad: Plommehagen.
Køyr i retning Årøy/Hafslo/Sognefjellet. Etter ca. fem minutt køyring fra Sogndal sentrum er det skilta mot Ølnes. Parker her. Gå 100 meter oppover vegen og til venstre gjennom Plommehagen. Begrensa med parkering, oppfordrar til samkøyring. Skriv gjerne i kommentarfeltet her om du har ein ledig plass i bilen. Svært viktig å ikkje parkere ute i vegen, då store køyretøy skal forbi. Parker kun på grusen og ikkje på asfalt. Om du ikkje finn parkering må du parkere lenger mot Sogndal og gå tilbake.
Resultat o-løp 30. august
Kvam maraton 2017: Klatring i 12 timar
Takk til alle som var med heile eller deler av dagen :)
Det vart ein flott dag og god stemning!
Grattis til:
Beste herrelag: Olav og David
73 ruter og 23 650 poeng på 12 timar
Beste damelag: Idunn og Jenny
66 ruter og 10 450 poeng på 12 timar
Og prisen for beste kostyme gjekk til... Ingri og Åse-Marie!
Porten.no var forbi og har skrevet ein fin artikkel frå dagen
Dugnad på klatrefeltet Kvam
Sogndal klatreklubb SIL ynskjer å takke dei som stilte opp på dugnad 23. august. Me håper dei nye benkane i Plommehagen kan vere til nytte for klatreentusiaster i lang tid framover.
Me ynskjer å takke følgande som gjorde det mogleg og var med å rydda, pussa ruter og bygde dei flotte benkane; Gro Elisabeth Dvergeland, lurkisar frå Lurkarlaget, andre studentar frå Høgskulen, medlemmar og ikkje medlemmar.
Resultat orientering 23. august
O-LEIR og ungdomssamling 8.-9. september
Oppstart barneidrett for 5 og 6-åringer tirsdag 29.august 2017
Påmelding Kick-off 2017 - Taekwondo
Kick-off 2017 blir holdt i Fylkeshallen den 2. og 3. september.
Oppstartstrening, kids og nye medlem - Taekwondo
Fyrste trening i den nye Taekwondo-semesteret vert måndag den 21. frå 18:00 - 20:00 i Idrettshallen.. Treningstida er permanent flytta til måndagar frå 18:00 til 20:00 kvar veke og treningstaden er flytta til Idrettshallen. Tidspunkt for den andre treninga i veka er enno ikkje stadfesta, men treningstidene på nettstaden blir oppdatert så snart tidspunktet er bestemt .
Oppstart for kids-treningar blir torsdag 24. kl. 16:15 til 17:30 på Trudvang skule.
Oppstart for nye medlemar blir veke 36 (Mandag 4. september blir første trening), og dei som har skrive seg på ventelista vil bli kontakta.









