Turn

Turndag 4. februar 2018

Sundag 4.februar kl. 16.15 - 18.15 vert det turndag i idrettshallen for alle turnarar i Sogndal idrettslag!

Turnarar, foreldre, sysken og andre er velkomne til Sogndal idrettshall denne dagen.

Det vert felles oppvarming for turnarane, og etter dette vert det sett opp ulike stasjonar med ulike øvingar. Turnarar som har turndrakt og overtrekksdrakt til Sogndal idrettslag skal ha på desse.

For yngre sysken vert det sett opp ein eigen barnekrok, og me riggar til kafé med sal av kaffi/te, saft og kaker.

Det vert sendt ut dugnadsliste til foreldra i 3. og 4. klassegruppene.

Vel møtt!

Ikkje fleire plassar att i 3.- og 4.klassegruppene

Mange ynskjer å vera med på turn, og det er kjekt med stor pågang til gruppene. Det er diverre ikkje ubegrensa plass på turntreningane, og turngruppene for 3.klasse og 4.klasse er no fulle. Det vil ikkje bli teke opp fleire born til desse gruppene. Det er òg viktig at føresette til born som er på treningane les e-post om innmelding i Minidrett, og registrerer borna sine der.