Taekwondo

To Sogndøler oppnådde tittelen Master i Taekwondo!

Fredrikstad 11.06.2016

Trond Schøyen Høgi og Lasse Lerum gjekk i helga opp til 4.dan på den tradisjonelle sommarleiren i Fredrikstad. Denne graden betyr at dei kan titulere seg Master i sin kampsport.

 

To slitne, men nøgde masterar.Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)Foto: Runar Langeteig

To slitne, men nøgde masterar.

Frå venstre; Master Morten Sunnset Larsen (Skedsmo), Master Lasse Lerum (Vevring), Grandmaster Sigvald Martinsen (Sverige), Master Trond Schøyen Høgi, Master John Kirkwood (Skottland)

Foto: Runar Langeteig

 

Barndomsvener

Trass i at dei no er hovudinstruktørar i kvar sin klubb, Trond i Sogndal, og Lasse i Vevring, har dei trent saman sidan dei var svært unge. Då Trond starta var det med Lasse som instruktør. Trond var med å starte dagens Taekwondoklubb i Sogndal, og Lasse starta klubben i Vevring. Dei er båe einige om at det å få gjere graderinga saman gjorde det til ei heilt spesiell oppleving.

 

Tidkrevjande

Det er uråd å rekne på kor mange timar dei to har brukt på Taekwondo, for å nå det nivået dei no er på. Ikkje er det viktig heller. Det viktigaste har alltid vore gleden ved å stadig lære og meistre nytt pensum. For utlærd vert ein aldri.  Og like viktig som eiga mestring er å instruere og sjå elevane utvikle seg.  

 

Livsstil

Når ein brukar så mykje tid på idretten sin er det klart at det vert ein livsstil. Dei to har eit stort kontaktnett, i inn og utland, og med Internett er det ikkje viktig kvar i verda ein befinn seg. Det er lett å spørje andre masterar og grandmasterar, og svar får ein alltid. Dei to trekk fram master Morten Sunnset Larsen og miljøet i Skedsmo Tan Gun Taekwondo som viktige for dei to klubbane i Sogndal og Vevring.

 

Vennskapsklubbar

Me er med i interesseorganisasjonen Taekwondo Alliance Norway (TAN), saman med Skedsmo og tre andre klubbar, og det er viktig å ha slike vennskapsklubbar. Men ekstra gode vener er sjølvsagt me i Sogndal og Vevring. Me besøker kvarandre og trenar saman når me har anledning, og er alltid gjensidig opptekne av at det går bra for alle utøvarane våre i konkurransar og graderingar.

 

 

 

Sommarleir og gradering – moro, lærerikt og sommarfuglar i magen

I nydeleg solskin held 200 deltakarar hus i Kongsteen hallen, like ved gamlebyen i Fredrikstad, kjend frå årets ”Anno”.

Det kitla i magen, og eg hadde nesten ikkje lyst på frukost i dag tidleg. Men no gjer det ingenting, for eg greidde det, seier ein av dei unge deltakarane. Det kitlar i magen på oss vaksne óg, seier Olav Arild Barsnes. På eigne vegne, men sjølvsagt like mykje på dei unge sine vegne. Det er like spennande kvar gong, men du verden så moro det er å sjå mestringskjensla når dei vert applaudert av golvet etter å ha vist fram pensumet sitt. Heldigvis gjekk det bra med alle.

Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild BarsnesFoto: Runar Langeteig

Tre nye svartbelter i klubben, saman med Master. Frå venstre: Kristoffer Molland, Linda Sæthre Ediassen, Master Trond Schøyen Høgi, Olav Arild Barsnes

Foto: Runar Langeteig

Nesten 50 deltakarar med foreldre og sysken har teke vegen frå Sogndal denne helga. Å gradere seg til nytt belte er sjølvsagt viktig, men like viktig er det å møtast, å bli kjend med nye vener, og å hente heim inspirasjon og kunnskap frå svært dyktige utøverar frå inn- og utland. Dette er vorte ein tradisjon. Me reiser heile familiane. Mange legg inn reservasjon på hotellrom for neste år i det dei sjekkar ut.

 

Glad Sogndalsgjeng med nye grader.Foto: Cathrine Hovland

Glad Sogndalsgjeng med nye grader.

Foto: Cathrine Hovland

 

FAKTA OM TAEKWONDO

Taekwondo er ein Koreansk kampsport, med svært gamle røter. Teknikkane har m.a henta inspirasjon frå kampsportar i nabolanda (Karate i Japan og Kung-fu i Kina).

Taekwondo er i dag ein global internasjonal idrett og ein olympisk konkurranseidrett. Den er mellom dei 10 mest utbredde idrettar i verda, med 50 millionar utøvarar. I Noreg er det ca. 16500 utøvarar, noko som gjer Taekwondo til den største kampsporten her i landet. Direkte oversatt betyr «taekwondo» fot, hånd og kunst/veg. Tae (fot), symboliserer kroppen sine nedre deler, altså føter . Kwon (hand) symboliserer kroppen sin øvre del, altså overkroppen. Do (kunst/veg) symboliserer hovudet, det vil seie tanken eller ånden.

 

 

 

17. Mai program for Taekwondo

Til Sogndal IL Taekwondo medlemmar og foreldre

17.mai går klubben i folketoget under SIL, og eiga fane. I toget går vi i drakt. Vi stiller opp med høgste grad fremst og nedover. Ta med ei jakke/gensar/skiftetøy. Når vi kjem opp på Fosshaugane skiftar vi eller tek på oss jakke/gensar, vi skal ikkje vise overdel og belte når toget er ferdig. Premie for beste klubb i toget.

Folketoget: 15:30 oppstilling i Parkvegen (retning Lægreid hotell)

Kl. 16:00 toget går: Allmenningen - Fosstunet - Hofslund - Gravensteinsgata - Ålkrysset - Billaget - Dalavegen - Fosshaugane

 

17.mai har Sogndal IL Taekwondo ansvaret for leikane på Fosshaugane. Dei som er sett opp på ein leikestasjon, møter der når toget er oppe på bana. Leikane skal starte etter Nasjonalsongen.

Jobben vert slik: - organisere aktiviteten på leikestasjonen

- passe på køkulturen, slik at alle får det kjekt

- dele ut snop til premie, papir skal i bossbøttene

 

Dugnadsliste: - Limbo: Guri Nordheim

- Tautrekking: Kjell Olav Nordheim

- Potetløp: Forelder til Peter Storegjerdet

- Fotball "blink" rokkering i mål: Olav Arild Barsnes

- Stafett med ballongar: Alvhild Feidje

- Tennisball i bøtteblink: Viljar Sæthre Ediassen

- Ringspel: Frida Feidje Rørvik

 

Kontaktperson på bana: Alvhild Feidje (92068753)

Alvhild: klargjere/handle inn til leikane i forkant (handle inn premiar og lage dugnadslister)

Alvhild og Olav Arild: Sette opp leikestasjonane 17.mai etter opplegget på Trudvang er ferdig

Rydde på plass etterpå

 

Mvh

Sogndal IL Taekwondo

Påmelding til sommarleiren 2016 Taekwondo

Det er no mogleg å melde seg på sommarleiren her:
https://www.deltager.no/sommarleir_2016
Påmeldingsfrist er 15.Mai

Ein kan melde seg på so fort ein har fått klarsignal frå Trond at ein er klar til gradering. Prøvegradering har starta for lengst, og det er anbefalt å møte opp på framtidige treningar vist ein ikkje har fått prøvegradert seg enno.

NB: Teoriprøven for 4.Cup og oppover er satt til 31.Mai. Vist ein ikkje har begynt å lese på teorien allereie, er det anbefalt å begynne no.

SIL-Taekwondo heim med medalje frå Østlandscup!

SIL Taekwondo er endeleg å finne på resultatlistene i kamp att!
28. februar debuterte Runar, Eline og May i ringen, på Østlandscup.
Runar tapte sin kamp etter fantastisk bra kjemping! Ein runde til så 
hadde han seira. May gjekk også ut etter å ha kjempa ein god kamp mot ein tøff motstandar.
Eline tok seg vidare til finalen og kom heim med sølv om halsen.
Me andre i klubben er grådig stolte over innsatsen! Runar har gjort ein kjempejobb over lang tid, for å få kampgjengen klar, og dei har fått gode råd og støtte frå vår tidlegare kampmann Sondre Selmer Årethun og
Tommy m.fl. frå Skedsmo Taekwondo.
Gratulerar til Eline, May og Runar!

Og hugs: det er plass til fleire på kamptreningane på onsdagar!

Årsmøte i SIL Taekwondo 2016

Innkalling til årsmøte 2016 i SIL Taekwondo
torsdag 11. februar kl 20.00 i Flostova, Campus

Framlegg eller saker de ynskjer handsama på årsmøtet sendast styreleiar på epost: olav-arild@barsnes.net innan 01.02.2016

Sakliste vil bli sendt ut ei veke før møtet.

Vel møtt!
 

 

OPPDATERING:

Saksliste og andre tilhøyrande dokument er no klare.

Saksliste

Årsmelding

Framlegg til budsjett 2016

Rekneskap 2015