Informasjon om SIL sitt turn tilbod

I samband med oppslag i Sogn avis om det nye idrettslaget Sogndal turnforening vil SIL presisere at SIL ikkje legg turngruppa. 

Me har fått ein del spørsmål kring dette, og fleire spør om SIL vil leggje ned turn tilbodet. 

Me har difor valgt å sende ut same informasjon til både medlemmar av SIL turn, politiske parti og samarbeidspartane våre. I tillegg til å leggje ut ei nyhende sak på heimesida vår og SIL si Facebook side.

Vår plan er å tilby turn for born i Sogndal som me alltid har gjort. 

Sogndal idrettslag jobba også aktivt vidare med å realisere både basishall og fleirbrukshall i Sogndal sentrum. Behovet for basishall er stort då mange av idrettslaget sine grupper har behov for fasilitetane til ein basishall, som barneidretten, allidrett, taekwondo, karate, muay thai, turn, ski-idrettar og basistrening. 


Per i dag kan ikkje SIL styret seie noko konkret om kva turn-tilbodet blir neste sesong (hausten 2026).
Tilbodet er først og fremst avhengig av at me har trenarar. 
Per i dag er det ikkje avklart kva trenarar som blir i SIL og kva trenarar som eventuelt melder overgang til Sogndal turnforening. Nye trenarar kan også melde seg. 

SIL vil bruke dei nærmaste månadane på å avklare dette. 

Dei som ynskjer å fortsette å trene turn i regi av SIL treng ikkje gjera noko. Dei vil få informasjon på e-post og nettsida til SIL. 
Dei som ynskjer å melde seg inn i SIL turn, gjer det ved å melde seg inn i SIL og turn via MinIdrett.