Dalalåven open - Heradsmeisterskap 2024

Den 19. mars avslutta Langrennsgruppa i Sogndal idrettslag ein flott sesong med nyvinninga Dalalåven Open. Tidenes første opne Heradsmeisterskap i den nye storkommunen.

Dalalåven open vart arrangert som eit sprint-renn, med prolog for alle deltakarar, og to følgjande sprint-omgangar for 11 år og eldre. I samsvar med sprint-reglane i skirinsen blir alle deltakarar rangerte på tid og dermed konkurrerer alle mot kvarandre i sprint-heata. Jenter mot gutar og store mot små. Med tidsforskjellar heilt ned på enkelt-hundredel i prologen vart det ei rekkje veldig jamne heat, der beste løpar rykte opp og dårlegaste rykte ned i neste heat i andre omgang.

Med stor mobilisering blant lokale halvvaksne gutar vart det rekorddeltaking med 78 deltakarar totalt og heile 19 startande i herrar senior-klassen. Total-vinnar vart like fullt 16-åringen vår og regjerande Vestlands-meister Vebjørn Orheim Mundal, men ettermiddagen førte med seg ein heil drøss med gode prestasjonar, og etterpå var det premieutdeling, pizza og kake før sjølvaste Anders Aukland avslutta kvelden med ei video-helsing.

Takk

Vi vil rette en stor takk til Sogndal Skisenter som fikset sprintløyper og stilte Dalalåven til disposisjon.
Hovedsponsorene våre; Luster Sparebank, Intersport Sogndal og Lerum.
Øvrige sponsorer; Amfi drift, Einarsen gruppen, Gasta design, Holen installasjon, Meny Sogndal, Neumann, Nordbohus, PwC, Sogndal mur og flisservice, Tannlege Bøthun og Økonomiservice.

Resultater

Video fra Dalalåven Open - Heradsmeisterskap 2024