LITT OM SOMMARLEIREN

Dette er ein av dei to verkeleg store "happeningane" i Taekwondo-året. Den andre er den tradisjonelle kickoffen i september, her i Sogndal. Dersom Fredrikstad 10.-12. juni passar dårleg, vil det vere mogleg å gradere seg på kickoffen til hausten! Sommarleiren er ein sjanse til å få trene med svært dyktige instruktørar, få input frå grandmasterar, som har direktekontakt med Kukkiwon i Korea, og ikkje minst bli kjende med masse trivelege folk frå dei andre klubbane i TAN (Taekwondo Association Norway). Me pleier alltid å vere ein god gjeng frå Sogndal, og det er alltid veldig moro!


Litt om det praktiske:

Det vert ikkje arrangert felles transport, eller koordinert noko iht overnatting, mat el. av oss i SIL Taekwondo, men som de ser i påmeldingsskjemaet kan de bestille mat (matpakke, grillmat) i skjemaet. Nokre av oss vil bu på campingplassen ved Kongstenhallen, der vi trenar, anten i hytter eller i telt. Nokre vél óg å bu på hotell nede i sentrum. Me i styret er på campingen heile helga, og det er berre å ringje oss, eller kontakte oss her på facebook, om det er noko de lurer på før, eller under leiren! De finn telefonummera våre her: https://www.sogndalidrettslag.no/kontaktoss-tkd

Alle melder seg på direkte til arrangøren Skedsmo TKD her:

https://www.deltager.no/event/tan_sommerleir_2022

HUGS FRIST 29.05!!!

Venleg helsing
Styret i Taekwondogruppa