Velkomen til ALL-IDRETT for 2. og 3. klassingar haust 2020

Sogndal IL startar opp all-idrettstilbod for 2. og 3. klassingar.

Onsdagar kl 18:00-19:00, Oppmøte: Trudvang skule, gymsal.

Dette er eit tilbod der vi skal innom ulike aktivitetar i løpet av året. Sjå plan for fyrste halvår.

Vi ynskjer alle velkomen, uansett aktivitetsbakgrunn. Treninga vil vere både inne og ute.

Fyrste trening startar opp onsdag 28. oktober inne i gymsalen på Trudvang.

Trenarar er studentar ved idrett/friluftsliv ved Høgskulen.

Kontaktperson: Ellen Eimhjellen Blom, tlf: 911 25943.

Velkomen!