TurOrientering er starta opp i Sogndal og Kaupanger!

TurOrientering - idrett for alle!

Sogndal orienteringsgruppe har no lagt ut fleire TurOrienteringsløyper i Sogndal og Kaupanger. Løypene vert liggjande ute frå 27.april til 4.oktober 2020. Gå, spring eller trill - det er løyper for alle!

Les meir her, om kor løypene ligg og korleis du får tak i kart!

Kva er TurOrientering?

  • På TurOrientering får du gode naturopplevingar med fysisk aktivitet og hjernetrim, noko som gir godt humør, god helse og mykje glede!

  • TurOrientering er turar med fleire mål undervegs. Kvart mål er ein post, eller for barna kanskje ein "skatt"?

  • TurOrientering har fire nivå: grønt, blått, rødt og sort. Les meir her. Alle kan delta!

  • TurOrientering gir deg moglegheit til å lære og øve på å bruke kart og kompass.

  • TurOrientering gjer deg kjend i nærmiljøet og kan vise deg ukjende naturperler.

  • TurOrientering er eit tilbod som er tilgjengeleg heile døgnet heile sesongen - du vel sjølv når du vil på tur, kvar du vil starte og kor lang turen skal vere. Du kan gå saman med venner (maks 5 personer iht korona-regler) og familie eller på eiga hand.