Vellukka Taekwondo Kick-off “Pandemi”-style

kickoff-2020-pandemi.jpg

SIL Taekwondo arrangerte Kick-off med Master Trond for eigne medlemer laurdag 12. september 2020. For dei over 19 år vart dette første treninga sidan mars i år. Det var såleis godt å få komme i gang att, sjølv om det var med kontaktlaus sparring på forskriftsmessig avstand.

For dei mellom 5. klasse og 19 år har treningane vore i gang på måndager sidan 17. august

Med erfaringana frå helga ser me at det går an å opne måndagstreningane for medlemer over 19 år òg. Me har areal nok til å dele gruppa i to kohortar og såleis ivareta smittevernet.

Velkomen på trening!

Styret i Taekwondogruppa