Boksetrening med Tiago Mendes

Boksing og slagteknikk stod på programmet på Fitness & Fightclub Sogndal onsdag. Dei vanlegvis hardtsparkande jentene i klubben fekk instruksjon i klassisk boksing, noko som tradisjonelt ligg utanfor WTF-Taekwondo (Olympisk grein). Me ynskjer å læra meir av andre kampsportar, og då er det utruleg inspirerande å ha ein utøvar som Tiago Mendes i nabolaget. Inspirerande, lærerikt og kjempemoro! Dette kjem me til å gjere mykje meir! Takk, Tiago!

thing.jpg