Barneidrett 2. og 3. klasse

Vi har hatt oppstart av barneidrett for 2. og 3. klasse, men må gjere nokon endringar på grunn av lite oppmøte. Frå og med veke 46 (torsdag 15. november) vil vi slå saman 2. og 3. klasse til same treningstid. Treningane framover blir difor på torsdager klokka 18-19 i gymsalen på Trudvang.

Instruktørar på treningane er elevar frå 9. klasse som har dette som elevbedrift. Instruktørane er Keira, Vilde, Live, Tonje, Jakob Nuuradin og Jørund. Dei vil gjere sitt beste for at det skal vere kjekt på treningane, og vil legge opp til variert aktivitet frå turn til ballspel.

Vel møtt til trening!