Turorientering 2015

Turorientering er eit trimtilbod for alle aldersgrupper. Det går ut på å finne postar som er plasserte ute i terrenget. Eit av formåla er å oppmuntre til å legge turen til nye stader.

I år er det nytt opplegg. Postane er grupperte etter vanskegrad i grønt, blått, raudt og svart nivå. Dei grøne er for dei som ikkje har prøvt orientering før. Postane ligg ved vegar, skogsvegar og er tilgjengelege med sykkel og barnevogn. Dei blå ligg også på eller ved stiar.

Dei svarte ligg lengst unna og har ein viss vanskegrad. Kompass og litt erfaring er ein fordel for å finne dei.

Postane er grupperte slik at 5-6 postar med same vanskegrad utgjer ein tur. I alt er det planlagt 6 turar. Kart for desse kan kjøpast enkeltvis eller samla. Dei grøne turane er gratis.

Kart får du tak i på turorientering.no og på følgende utsalgssteder:

  • Intersport Sogndal
  • Shell Kaupanger

MERK: De grønne turene er gratis.

Etter sesongen sender ein kontrollkort til Rune Aa, Holteigvegen 19, 6854 Kaupanger

Meir informasjon finn du på nettsida her under turorientering.

GOD TUR!