Seminar 2. mai: Kva rolle har idretten i folkehelse og beredskap?

Bli med på miniseminar og paneldialog om idretten som folkehelseaktør, laurdag 2. mai kl 13:00-14:30

Psykisk uhelse, nedsett livskvalitet, inaktivitet, overvekt og sosial ulikskap er blant dei største folkehelseutfordringane hjå barn og unge. Med ei aldrande befolkning, auka helseutgifter, færre arbeidsføre og større sosiale ulikskapar, har fleire byrja å rope eit varsku.

  • Korleis kan idretten bidra til å betre folkehelsa med redusere førekomsten av muskel-og skjelettlidingar, hjarte-kar, kreft, diabetes og overvekt, psykisk lidingar og sosiale helseforskjellar blant born og vaksne?

  • Korleis kan offentleg sektor og idretten samarbeide meir for å bruke ressursane våre betre?

  • Korleis kan vi saman redusere utanforskap og auke folkehelsa meir enn kvar for oss?

Sogndal idrettslag invitera til seminar og dialog mellom politikarar, idretten og forskarar.

Gratis inngang – velkommen!  


Program

Kl. 13:00 – Sogndal idrettslag sin leiar ynskjer velkommen


Kl. 13:05 – Kva betyr idretten for samfunnet i dag?

V/Frode Fretland. Idrettshistorikar og instituttleiar for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen i Vestland

Frå 1970-talet har idretten fått ein samfunnsbyggande funksjon gjennom sin nøkkelrolle lokalt og regionalt gjennom sosiale og kulturelle verdiar som frivilligheit, inkludering, mangfald, sosial samhandling, folkehelse og bygging av idrettsanlegg.

Fretland skal innleie med den organiserte idretten si samfunnsrolle i eit historisk perspektiv.


Kl. 13:25 – Erfaring med fysisk aktivitet og helse

v/ Solveig Nordengen Hatlevoll. Fyrsteamanuensis ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen i Vestland

Forskingsfokus er fysisk aktivitet, sykling og folkehelse. I dr-graden undersøkte Hatlevoll aktiv transport og har forska på helsegevinster av sykling i ei årrekke. Ho underviser i fysisk aktivitet, folkehelse og evidensbasert praksis.

Ho kan også sjå attende på ei innhaldsrik karriere i skøyteløp og landevegssykling.


Kl. 13:45 – Paneldialog

Ordstyrar og panelvert er Tom Erik Solstad

Det blir høve for publikum til å stille spørsmål og komme med innspel.