Bli med på ein ny sesong med o-gruppa!

No nærmar det seg! Rett over påske startar sesongen for orientering - og orienteringsgruppa har mykje moro å tilby :)

Kvar tysdag frå og med 11.april er det barneorientering, under leiing av Ingvild Lien Molland og Christian Frøyd. Barneorientering melder om treningane sine på eigen facebookside “Sogndal Idrettslag - orienteringstrening barn”

Kvar onsdag frå og med 12.april er det ordinært treningsløp, med løyper for alle nivå. Det vil alltid vere ein arrangør tilstade som kan gi opplæring ved start/mål-området. Veksas treningsløype vert liggjande ute ei dryg veke.

NYHET! Vi testar ut familiesøndag som eit konsept og legg opp til to slike arrangement fram mot sommaren. Søndag 16.april vil det vere på Røvhaugane. Arrangementet er ope for alle, vi håpar det kan bli sosialt og kjekt for store og små. Arrangøren har kart og kan gi opplæring på staden. Ta gjerne lunsjen saman med oss denne dagen.

Dette og mykje meir er planlagt for våren. Ta ein titt på heimesida vår og legg aktivitetane inn i kalendaren din først som sist :) Arrangementa vil bli varsla på førehand på facebookgruppa vår “Orienteringsgruppa i Sogndal”.

Vi ønskjer alle velkomne til morosam aktivitet!