Påmelding til Kvam klatre-Maraton 2019

Sogndal Klatreklubb SIL inviterer til Kvam Maraton 2019!

I løpet av 12 timar, frå kl. 08.00 - 20.00, skal du og klatrepartnaren din samle flest mogleg poeng ved å klatre så mange ruter de klarer.

Det er også premie for beste kostyme :)

Oppmøte kl 08.00 på parkeringen på vestre.
Scorecard blir delt ut ved konkurransestart.

Mat og premieutdeling direkte etter maratonet kl. 20.00.
Det blir GRILLBUFFET på DAMPSKIPSKAIEN :D

Påmelding til maraton og grillbuffet

REGLAR:

  • Kvart lag består av 2 deltakarar.

  • Det vert tre klassar; damelag, herrelag og mikslag

  • Målet er å få flest mogleg poeng, rutene har poeng etter vanskelighetsgrad, så mange lettare ruter kan gi like mange poeng som færre harde ruter.

  • Deltakarane på laget kan, men må ikkje gå dei same rutene.

  • Kvar rute kan bli logga ein gang pr deltakar. Dvs at om ein deltakar leier ei rute frå start til topp, uten heng, fall eller å dra i slynger, får ein poeng.

  • INGEN TOPPTAU.

  • Deltakaren kan prøve å leie ei rute så mange ganger ein vil, men må sleppe til andre klatrarar om det er kø.

  • Om ein deltakar fell på ei kilerute, kan ein bli firt ned og starte på nytt med sikringane hengande frå førre forsøk. Kileruter gir ekstrapoeng.

  • Deltakar må bruke minst tre sikringar for å få godkjent kilerute.

  • Preklipping av slynger på første og andre bolt er lov.

  • Graderinga i klatreføraren er gjeldande.

    Det vil vere mulig å delta i konkurransen uten å gjennomføre heile maratonet på 12 timar. Dette vil mest truleg reduserer muligheiten for å vinne, men auka deltaking skapar auka moro!