Orienteringstreningane hausten 2019 startart opp att

Frå og med veke 34 til og med veke 40 kan du springe orientering kvar onsdag

Terminlista for hausten er klar. Her kan du sjå oversikta over alle treningane i haust: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering.

I tillegg vil kvar trening bli annonsert som ei hending på vår Facebookside “"Orienteringsgruppa i Sogndal IL”.

Orienteringstreningane er for alle som ønskjer, enten du er ung eller gamal, medlem eller ikkje medlem, nybegynnar eller ekspert :)

Vekas løype heng ute ei veke, slik at dei som ikkje rekk treninga kan løpe seinare i veka. I så fall får du kart ved å sende ein førespurnad til vekasloypesogndal@gmail.com.

Vel møtt og med ønskje om ein god orienteringshaust,

Helsing frå styret :)