Resultatliste Frydenbø Cup 11.01.14

Sesongopning av alpinsesongen i Sogn og Fjordane vart gjennomført av Sogndal IL alpin laurdag den 11.01.14.

I utgangspunktet var det planlagt eit rekruteringsrenn for Sogn denne dagen, men sidan dei andre bakkane i fylket ikkje innehar snø eller tilstrekkeleg med snø vart Sogndal IL alpin førespurd av skikrinsen måndag den 06.01.14 om vi kunne arrangere krinsrenn i staden, slik at ein fekk starta alpin sesongen i fylket. Sogndal IL alpin har i løpet av veka fått organisert opp dugnadsgjengen til å kunne gjennomføre krinsrennet den 11.01.14.
Forholda i bakken i Sogndal Skisenter var særdeles gode. Det var 92 deltakarar frå fylket inklusiv nokre deltakarar frå Volda. Tilbakemeldingane frå deltakarar og foreldre var det eit kjempe flott arrangement med svært gode forhold i bakken. Rennet vart gjennomført på ein god måte.

Laurdag 18.01.14 er det på nytt Frydenbø Cup i storslalom arrangert av Sogndal IL alpin i Hodlekve. Følg med på Skikrinsen sine sider for meir informasjon.