Heidersteikn 2016

Dag Andre Mo – styrkeløft: utøvar:
Dag Andre Mo er vår høgst meriterte idrettsutøvar og truleg også vår sterkaste. Dag Andre har gjennom fleire år representert SiL og styrkeløftgruppa på ein framifrå måte, og vore ein flott ambassadør for sin idrett. I 2013 vart han Europamester i styrkeløft med 302,5 kg i benkpress, og året etter tok han ein sterk 4.plass i VM med 305 kg. Med 305 kg i benkpress sette han nasjonalrekord, ein rekord som framleis står.

Grete-Maren Myklestad – friidrett og turn:  trenar, tillitsvald og eldsjel:
Grete Maren har i mange år vore ein sentral person innan for turn og friidrett i SiL, både som tillitsvald, trenar og utøvar. Ho har vore leiar i friidrettsgruppa fleire år, og på 80-talet hadde ho m.a. stor suksess som trenar for mellomdistanseløpar Merete Kvist. Tidleg på 70-talet starta ho ei gruppe for konkurranseturn og held den gåande i mange år.
Trass sine nokon og 70 år er ho framleis aktiv friidrettsutøvar og har m.a. delteke i veteran VM med gode resultat, m.a. har ho ein bronse i tresteg. I 2001 mottoko ho bestemannspremien under NM. Grete Maren har vore pådrivar for friidretten i SiL gjennom ein mannsalder, og ho er framleis engasjert i friidretten den dag i dag. I haust var ho med å dra i gang att Smili etter 12 års pause.

Lilly Schøyen – tillitsverv og eldsjel:
Lilly har over fleire år jobba for breiddeidretten generelt og alpint spesielt, lokalt og regionalt. Ho er levande oppteken av skiidretten og utviklinga i Hodlekve. Då alpingruppa låg nede på byrjinga av 2000-talet var ho ein av pådrivarande for å starte den oppatt. Lilly har i mange år hatt ulike verv i SiL og har sidan 2009 vore styremedlem og siste åra nesteleiar i AU SiL. Ho er også medlem i Sogndal skisenter eigedom og observatør til styret for Sogndal skisenter drift. I tillegg har Lilly vore medlem i skikrinsstyret og leiar i skikrinsen sin alpinkomitè i perioden 2008-2015. No er ho styremedlem i idrettskrinsen.
Lilly har gjennom sitt arbeid vore ein sterk pådrivar for å styrke skikrinsen sitt rekrutteringsarbeid, og vidare har ho arbeida strategisk for å styrke samhaldet og miljøet mellom alpingruppene i fylket. Ho har også verv nasjonalt nivå, og tidligare i haust vart Lilly tildelt skikrinsen sitt Heidersmerke med diplom. Lilly fekk utmerkinga med bakgrunn i  sitt årelange arbeid for alpinsporten i fylket.

Knut Olav Myhre – handball: trenar, tillitsvald og eldsjel:
Heilt sidan Knut kom til Sogndal i 1974 har han vore engasjert i SiL og handballgruppa. Fyrst som utøvar og seinare som trenar. På 70- og 80-talet trena han fleire lag, på fleire nivå, og fleire heilt fram til Kretsmeisterskap. Under Knut si kyndige rettleiing var mange av SiL sine spelarar fast inventar på ulike kretslag og nokre deltok på landsdelssamlingar.
Knut var som trenar ein ivrig forkjempar for å skolere handballspelarar til å bli trenarar og dommarar, for å lære å ta ansvar, lære spelet å kjenne og vere ein ressurs for handballen i SiL. Knut var også primusmotor for den årlege handballturneringa ”Sogndalsturneringa” som handballgruppa arrangerte gjennom fleire år. Knut la opp som aktiv spelar i ein alder av 45 år, siste sesongen spelte han jamvel saman med sonen Willy.Knut har hatt fleire tillitsverv i SiL og på 80-talet sat han i styret for handballgruppa i fleire år, som styremedlem og leiar. Han har i alle år vore ein forkjempar for å gje handballen gode vilkår i SiL, og tok tidleg til orde for betre treningsforhold og hallkapasitet

Magdalon Sætre – fotball: utøvar, trenar og eldsjel:
Magdalon spelte 11 sesongar for Sogndal sitt A-lag i perioden 1971-1983, inkludert cupfinale i 1976 og det første opprykket til tippeligaen/toppserien i 1981. Han fekk med seg 348 kampar og scora 22 mål før han gav seg. Magdalon har også i meir enn 30 år vore trenar for fleire ulike fotballag i SIL, dei fleste åra på jente-/damesida.Magdalon er framleis svært aktiv og er ein engasjert trenar for G-2008. I tillegg er han fast del av vertskapet når Sogndal spelar heimekampar.  

Gunnar Solbakken –  tillitvald og eldsjel: 
Gunnar har gjennom fleire år engasjert seg i ulike idrettsgreiner i Sogndal og SiL; fotball, trim og langrenn. Han har vore leiar for aldersbestemt fotball i Sogndal og styreleiar i Sogndal Fotball. Han var drivkrafta for å få på plass Fylkestribuna, digitale boards og storskjermen på Fosshaugane Stadion. Gunnar har vore leiar i Idrettsrådet i Sogndal i fleire periodar. Gunnar har også ein ivrig forkjempar utvikling av Hodlekve og har over ein lang periode vore sentral i utviklinga av Hodlekve som skidestinasjon. Eit arbeid han framleis er sterkt engasjert i.

Siv Laila Eriksen – symjing: trenar, utøvar og eldsjel:  
Siv Laila kom til Sogndal i 1983 og ho vart raskt engasjert i symjegruppa i SiL. Ho varttrenar og instruktør, og seinare vart ho også leiar i symjegruppa. Ho har vore ein ivrig talskvinne for symjesporten, og ein aktiv og engasjert trenar og utøvar. Ho har trena og vore instruktør for barn og vaksne frå ”0 til 100”år, og mange unge symjarar har lært å setje pris på idretten gjennom sitt møte med Siv Laila. I tillegg til å vere instruktør i SiL var ho også fleire år hovudinstruktør for krinsen og reiste rundt og lærte opp andre til instruktørrolla.
Siv Laila har opp gjennom åra hatt fleire tillitsverv i SiL og i Sogn og Fjordane Symjekrins.  Dei siste åra har Siv Laila fyrst og fremst vore utøvar og ho har m.a. delteke i NM, Nordisk og VM på masternivå. I desse meisterskapa har ho både sett rekordar og fått gode plasseringar. (2010 (si aldersklasse): Norsk rekord kvinner – masternivå på 100 m fri, 50 m bryst og 50 m butterfly). Vi vil også nemne at Siv Laila sitt frivillige engasjement for symjing også har resultert i at hennar unike kompetanse har blitt nytta i symjeopplæringa i grunnskulane i Sogndal, ved Sogndal vidaregåande skule og på idrettsfag ved HiSF. 

Eirik Bakke – fotball: utøvar:  
Eirik spelt 162 kampar for Sogndal, og scora 31 mål. Han debuterte i eliteserien som 16-åring på Åråsen mot Lillestrøm. Før han gav seg fekk han 27 kampar for A-landslaget og meir enn 50 landskampar på aldersbestemte landslag. Sommaren 1999 var han seld til Leeds United, og med Leeds spelte han semifinale i Champions League i 2001. Seinare spelte Eirik for Aston Villa i 2005-2006, før han gjekk til Brann der han vart seriemeistar i 2007. Eirik returnerte til røtene og Sogndal i 2011. Eirik får heidersteiknet som utøvar. (Som trenar førte han laget opp att til tippeligaen på første forsøk i 2015. Ein framifrå representant for det lokale og alt som fotballen i Sogndal står for). 

Trond Schøyen Høgi – Taekwondo: tillitsverv, trenar, utøvar og eldsjel: 
Trond Schøyen Høgi er årets yngste mottakar av heidersteiknet frå SiL. Med sine 25 år har han allereie markert seg som eldsjel og utøvar for Taekwondo i Sogndal og Sogndal idrettslag. Som 11 åring starta han med Taekwondo og då Taekwondo klubben vart lagt ned i 2008 tok Trond, saman med Torbjørn Øyrehagen, på seg arbeidet med å re-etablere Taekwondo, denne gongen under SiL. Då Torbjørn flytta for å ta til på vidare skulegong tok Trond ansvaret åleine.Klubben i dag har over 90 aktive medlemar i alle aldra. Trond har stor kompetanse og nettverk innan Taekwondo, og er framleis ein leiar, trenar, inspirator og eldsjel for Taekwondo i Sogndal idrettslag.