Ny orienteringssesong

O-gruppa ønskjer velkommen til ein ny sesong med ein ny vri og store planar!

Når påska er over startar ein ny o-sesong. I år har vi ei nyvinning med Orienteringcup, som er ein ny vri på treningsløpa på torsdagane. Ta med familie, ein ven eller kollega og bli med når sesongen startar 9. april kl. 17 på Fosshaugane!

Meir info finn du under Terminliste orientering.

Barnetreningane startar også no, med første trening tysdag 7. april.

Den store happeningen i Sogndal i år er sjølvsagt at vi skal arrangere Fjord-O, eit stort internasjonalt o-løp med fire konkurransar over fem dagar og over 1000 deltakarar! Vi er avhengig av at heile o-gruppa stiller opp for å dra dette i land, men vi ønskjer og at det skal vere triveleg for alle og at flest mogleg også skal få prøve seg i løypene minst ein av dagane. Info og planar vil komme på e-post/Spond utover våren.

Sjekk ut nettsida her: www.fjord-o.com