Volleyball og Sandvolleyball

Hei og velkommen, så hyggelig at du fant oss her!

Sogndal Volleyball og Sandvolleyball vart ein del av Sogndal IL i november 2026, så vi er ei heilt ny gruppe med store ambisjonar og mykje speleglede. Vi gler oss til å tilby volleyball- og sandvolleyballtrening for jenter frå 7 til 16 år som ønskjer å lære ein av dei kjekkaste lagidrettane som finst. På grunn av avgrensa trenarkapasitet kan vi førebels berre tilby trening for jenter. Vi håpar å kunne utvide tilbodet etter kvart som vi får fleire trenarar med på laget. Hos oss får du utvikle ferdigheitene dine, vere ein del av eit godt fellesskap og oppleve gleda ved både trening og spel.

Akkurat no tilbyr vi open hall kvar måndag kl. 16.00–17.00 i idrettshallen på Sogndal Vgs. Open hall betyr at deltakarane kan kome og spele, øve på teknikk og ha det kjekt saman i eit uformelt miljø, utan krav om forkunnskapar eller påmelding. For dei yngste deltakarane (7–10 år) vil det òg vere mogleg å trene basket i delar av hallen.

Vi ønskjer òg fleire engasjerte personar med på laget. Dersom du er glad i volleyball og har lyst til å bidra som trenar, leiar eller hjelpar, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss!

❋ Kontaktinfo

Tina Vrieler, Leir
Tfn: 41 238 404
E-post: tina@noviq.no

❋ SPOND: JXVGJ

❋ Øvrige styremedlemmar:

Daan Vrieler, nestleir
E-post: daan@noviq.no

Pavel Serov
E-post: pavel.runs@gmail.com