Styret i Sogndal idrettslag kallar med dette inn til årsmøtet
16. april 2026 kl 1800 på Fosshaugane Campus i Sogndal.
Endeleg plassering og sakliste blir publisert og gjort tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet.
For å ha stemmerett og kunne velgjast til verv må ein ha vore medlem av Sogndal idrettslag i minst ein måned, fylle minst 15 år i det kalendaråret årsmøtet vert halde, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktelsar til Sogndal idrettslag. Alle medlemmar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
Saker til årsmøtet må meldast tilbake til post@sogndalidrettslag.no, seinast 1. april 2026.
Årsmøtet legg grunnlaget for klubbens verksemd og styrets arbeid. Alle som ynskjer å vere med på å bestemme kva klubben skal gjere, og korleis den skal drivast, bør delta på årsmøtet.
Minner på om at alle medlemmar kan melde inn forslag til SIL-prisen, SIL heidersteikn, og SIL æresmedlem. Innspela kan sendast til: post@sogndalidrettslag.no . Du finn meir informasjon om dette her:
· https://www.sogndalidrettslag.no/sil-prisen
· https://www.sogndalidrettslag.no/heidersteikn
· https://www.sogndalidrettslag.no/sil-resmedlem
Med venleg helsing
Styret
