Uro og bekymring i idrettsleiren – blir det basis- og fleirbrukshall i idrettsbygda?

Sidan 2011 har det blitt jobba for å realisere ny basis- og fleirbrukshall. Det har vore ein lang prosess, men med jamn framdrift og fleire vedtak i kommunestyrer om bygging. Til stor glede 😊  

No er me uroa og bekymra for framdrifta......kva skjer?  

I notat til finansutvalet 16.11.23 vert det tilrådd å fjerne basis- og fleirbrukshall frå skuleprosjektet.  Dette grunna plassmangel på Trudvang tomta og ønske om innsparing på kommunen sitt budsjett.

Kommunedirektøren skriv: 

“Eit gymareal på skulen må rette seg etter krava til idretten for å kunne løyse ut spelemidlar. Ein volleyballbane/liten idrettshall på 384 kvm vil gjere det. Arealet må kunne delast i to med skiljevegg slik at to klassar kan vere der samstundes … Om ein vel ei slik løysing for å redusere kostnadane ved prosjektet vil kommunedirektøren gjere merksam på at dette med stort sannsyn betyr at det ikkje kan byggast ny basis- og fleirbrukshall på lang tid. På Trudvangtomta vil det vere svært vanskeleg å bygge dette etter ferdigstilling av utbyggingsprosjektet. Det vil medføre stor innverknad på skuledrifta og det vil vere krevjande å handtere tryggleiken i byggefasen. Ei eventuell bygging anna stad i Sogndal, t.d. på Kvåle, vil medføre ekstra riggkostnad slik at det ikkje vil vere mogleg å bygge tilsvarande det som vert innsparinga ved å ta hallen ut av prosjektet med ny skule på Trudvang.” 
(les hele saksfremlegget her s6-8)

Behovet for basis- og fleirbrukshall er stort. Det har blitt grundig dokumentert tre gonger sidan første kartlegging i 2013. Da var medlemstalet 900, og ved siste behovskartlegging var vi 1350. I 2023 er vi 1656 medlemmer per 17.11.2023!
Og, samstundes som folketalet og behovet er veksande, er innandørs idrettsareal i Sogndal vorten mindre enn det var i 2013.  

Det er i dag mykje fokus på helse, både fysisk og psykisk, og det er no viktigare med breddeaktivitetar som gir eit variert tilbod til innbyggjarane uavhengig av alder og inntekt. Difor er det så viktig med nok sunne og inkluderande arenaer der ein møtes på tvers av interesser, kultur og nivå. Fleire treningsflater genererer meir aktivitet.  

Meir aktivitet gjer at ein får fleire tilbod og større sjanse for at alle finn noko ein trives med. Og ikkje minst at alle dei frivillige som brukar store deler av fritida si treng gode rammevilkår og forutsigbarheit. 

Det er i dag langt fleire innbyggjarar i Sogndal enn i 2013 og idrettslaget har langt fleire medlemmar enn i 2013. Vi har i dag 18 ulike grupper der fleire av gruppene har venteliste på grunn av hallkapasitet og mangel på frivillige.  

No må politikarane på bana!
Dei som har lova oss hallane og bedt oss gå gjennom dei rette kanalane. Vi har kartlagt komt med innspel og vore samarbeidsvillige heile vegen. Me har gjort alt de har bedt om og de har lovd oss på tru og ære. Kan vi tru på programparti og politiske lovnader? 

Idretten har eit ansvar for folkehelse frå vugge til grav.
Kven skal vi prioritere?
Er det dei som skrik høgast?
Eller dei som betalar mest?