Me ønskjer oss fleirbrukshall i Sogndal

Me jobbar som aktivitetsguidar i Sogndal idrettslag. Me fekk høyre at planane om å byggje ein ny fleirbrukshall i Sogndal kommune kanskje ikkje får løyvd pengar. Dette synest me er utruleg trist.

Aktivitetsguidane ønsker flerbrukshall til Sogndal, skriv Romberg og Kyte. Foto: Kristin Vee, Porten avis

Som aktivitetsguidar jobbar me tett på idretten. Ute i felt ser me eit skrikande behov for fleire arenaer for born og unge å drive fysisk aktivitet. Turn er til dømes ein svært populært idrett i Sogndal kommune. Dei fleste gruppene er fulle og mange born står på venteliste for å få vere med. I tillegg står dei no i fare for å miste sine lokale på Vesterland og det ser dårleg ut for utviklinga av tilbodet då det allereie er trongt om treningstidene i andre hallar i Sogndal. Me ser og at andre grupper og lag som ynskjer plass til å drive fysisk aktivitet ikkje kjem i gang eller slit med å halde seg gåande. Me har sjølve forsøkt å hjelpe grupper i gang kor det har vore fullt eller for dyrt i dei hallane som allereie eksisterer. Me saknar ein arena kor folk i alle aldrar kan drive organisert eller eigenorganisert fysisk aktivitet utan at det krev for mykje å dra det i gang. Dei som likar å vere i fysisk aktivitet, men ikkje ynskjer eller har moglegheit til å delta på organisert idrett burde og ha ein plass å møtast for å drive fysisk aktivitet.

I førre veke var me i møte med Bergen kommune, Idrettsrådet i Bergen, idrettsklynga Vest og Vestland idrettskrets. Dei fortalde oss om fysakhusa i Bergen og kor mykje desse har å seie for at born og unge skal ha ein møteplass kor dei kan vere i aktivitet. Me tenkte umiddelbart at dette var noko Sogndal har eit stort behov for. Me har visst om at kommunen har hatt ein fleirbrukshall på agendaen og tenkte at dette så absolutt burde kunne kombinerast med eit slags fysakhus. Då me høyrde at kommunen i nær framtid skal avgjere om det vert løyvd pengar til ny fleirbrukshall og at dette kanskje ikkje vert prioritert, følte me eit sterkt behov for å kome med eit innspel.

Me foreslår ein fleirbrukshall/fysakhus kor det kan drivast både organisert aktivitet som turn og andre idrettar, og kor ein kan finne eit lågterskeltilbod med fokus på eigenorganisert aktivitet som skating, parkour, padeltennis, ulike ballspel, dansing, eller det dei som brukar bygget måtte ynskje. Det handlar om å leggje til rette for at born og unge skal kunne drive fysisk aktivitet på sine eigne premiss. Ikkje alle vil eller kan delta på organisert aktivitet. Målet med eit slikt bygg vil vere å skape eit trygt og positivt miljø kor ein fritt kan utfolde seg. På ein slik arena kan folk i alle aldrar møtast på tvers av bakgrunn, alder, kjønn, ferdigheitsnivå osv. Dette veit vi at har ein positiv effekt på brukarane sine fysiske, psykiske og sosiale eigenskapar. Ein attraktiv møteplass som dette vil vere ein arena kor folk kan byggje relasjonar, det kan bidra til integrering og det vil trekkje folk ut av sofaen og vekk frå skjermane.

Sogndal er eit samfunn i utvikling. Mange unge ynskjer å slå seg ned her og i bygda finn du eit yrande liv av studentar, born og unge som alle har potensial for å drive aktivitet. I kommunens eigen samfunnsplan står det at de skal: «Alltid ta omsyn til den langsiktige samfunnsnytta av auka fysisk aktivitet når me vurderer nye tilretteleggingstiltak». Ein fleirbrukshall som legg til rette for både organisert og eigenorganisert aktivitet er eit glimrande langsiktig og samfunnsnyttig tiltak. Kommunen skriv vidare i sin samfunnsplan under «skapt for aktiv livsstil» at kommunen ynskjer å vere «best i landet på kvalitet og tilgjenge til rekreasjonsområde og anlegg for fysisk aktivitet». Kommunen seier sjølve at for å få til dette må kommunen «etablere fleire anlegg for fysisk aktivitet», «utvikle trenings og rekreasjonsområde som legg til rette for gratis, uorganisert fysisk aktivitet» og «prioritere kommunale midlar til aktivitetstilbod retta mot born og ungdom som ikkje deltek i organisert trening eller fysisk aktivitet». Å ikkje satse på ein slik arena er det same som ikkje å satse på folkehelse og i strid med kommunens eigen samfunnsplan.

Vi veit kor viktig fysisk aktivitet er for born og unge. Anten det er å ha ei organisert trening å gå til eller ein plass å utfolde seg på akkurat den måten ein sjølv vil. Ein slik arena som me har beskrive her vil vere ein plass kor alle kan ha ein plass å gå, utvikle seg og ha eit sosialt miljø. Å ha ein slik plass å gå til kan gjere mykje for born og unges fysiske og psykiske helse.

Med dette innlegget ynskjer me å understreke kor viktig ein fleirbrukshall vil vere for fysisk aktivitet. Me oppfordrar kommunen til å ta utfordringa og satse på ein ny fleirbrukshall i Sogndal kommune.

Hedda Romberg og Ingrid Kyte, aktivitetsguidar i Sogndal