Treningstider og påmelding

Opningstid i klatreanlegget i Sognehallen er den same som bemanna opningstid hos Spenst Sogndal.

Alle som brukar klatreveggen skal ha Brattkort, eller vere i følgje med ein som har Brattkort.

Buldreveggen kan du bruke utan Brattkort.

Born under 15 år må vere i følgje med ein vaksen.

Hugs alltid å registrere deg i resepsjonen hos Spenst Sogndal før du startar økta i klatreveggen, buldreveggen eller på campusbrettet.
Som besøkande, utan vanleg medlemsskap ved Spenst Sogndal, skal ein også registrere seg i resepsjonen og betale drop-in før ein startar økta. 
 

VÅRE TILBUD

Sogndal Klatreklubb SIL har ein rekke faste tilbod, sjå informasjon under her. 

Sjå på vår facebook-sida og i årshjulet for anna aktivitet.

 

BARNE- OG UNGDOMSKLATRING

KLATRING FOR PERSONAR MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

GRATIS KLATRING FOR UNGDOM 13-19 ÅR

Sogndal Klatreklubb SIL samarbeider med ungdomsavdelingen Sogndal om gratis klatring for ungdom 13-19år. Målet er å få ungdom i aktivitet og gørre dei kjent med idrettstilbud i Sogndal. Det vil bli ført liste over kven som deltaker, og ein kan maks deltaker 4 gonger. Det er drop-in system med først til mølla prinsippet.

Klatring er på torsdagar frå kl. 19:00-21:00.

BULDRECUP

Buldrecupen er eit uformelt og sosialt tiltak som vi arrangerar haust og vinter. Det går føre seg fyste tisdag i kvar månad.

Nærmare informasjon leggjast ut fortlaupande på facebook-sida.

FELLESKLATRING

For alle nye og gamle medlemmer. Alle klatrar på eige ansvar. Men er du ny, eller skal du ta opp igjen gamle kunster, er det instruktør tilstades for å vegleie i sikring ved behov. Vi stiller med tau og anna utstyr for dei som treng det.

Nærmare informasjon leggjast ut fortlaupande på facebook-sida.

KVAM

Klatreføreren for Sogn og Fjordane dekker klatrefeltet Kvam i Sogndal. Kvam er under 5 km frå Sogndal sentrum, og her finner du all mulig form for klatring. Alt fra naturlige riss på grad 3+ til bratt sportsklatring på 9+. Når du klatrer ute ta hensyn til natur ("sporløs ferdsel") og grunneiere. Oppfør deg pent, tenk over hvor enn parkerer, smil og gå rolig forbi hus.

HUSK: klatring/buldring ute skjer på eget ansvar og krever kunnskap om klatring og sikkerhet.
 

BLI MEDLEM!

PRISAR

Student: kr 150,-

Vaksen: kr 200,-

Barn: kr 50,-

For å bli medlem må du knytte deg til Sogndal klatreklubb på minidrett.no.

Dersom du har ein brukar her fra før kan du nytte denne. Viss ikkje lagar du deg ein ny brukar.

Faktura sendast ut ein gang i året per epost og må betalast ved forfall.