Skipost 2024

Målet er å koma litt lenger, og til andre turmål, enn du elles ville gjera på skituren. Du skal samla poeng ved å finna postar som har same bokstav som på kortet. Postane heng ute på ulike plassar i Hodlekve-området, men ikkje alle er utplassert samstundes. Du må difor sjå på tabellen under (eller på kortet) for å finna ut kva bokstav du kan jakta på. Kvar post har og ein poengverdi etter kor langt du må gå for å finna den. 

Me gjer merksam på følgjande:

  • Post K «Fagreggi», følg løypa frå Rysetebakken mot Fagreggi, sjå på høgden på venstre side før du tek ned til Kollsetevatnet (altså før Fagreggi). Posten ligg ca 50- 100 m frå løypa på venstre side.

  • Rysete, Høgehaug, Fagreggi og Fjærlandssete blir lagt ut til denne datoen dersom løypa er køyrt. Det er ikkje langrennsgruppa som køyrer løypene.

  • Post W er ein «Barnehagepost» for dei som ikkje har begynt på skulen. Denne ligg i lysløypa og er i år plassert ved vending 1km.

  • Post Z er ny av året og er plassert omtrent i øverste punkt i øvre løype - over Kollsetestølen

  • Postane vert satt ut om vær og føre tillet det. Det kan verte forseiningar.

Snø- og vêrtilhøve kan gjera at postar «forsvinn» i periodar, eller vert forsinka ut. Viss du ikkje finn posten, eller går til ein post før datoen på kortet, kan du klyppa dobbelt ein annan gong. Eller du kan klyppa på ein annan post for å få registrert poenga. Om tanga er i ustand, eller du ikkje finn posten, er det fint om du gir beskjed på tlf 95234563.

Kort finner du i tidtakerbui på stadion (kostar kr 250,-).
Betal til Vippsnummer 135152 - i meldingsfeltet skriver du “Fornavn Etternavn, fødselsdato”

Skikarusell-kort finner du i tidtaker-bui

Poengoversikt

BokstavPoengPlasseringGyldig fra
A og B1Lysløypa, 2 plassar11. januar
W1Barnehageklipp i lysløypa, vending 1km9. januar
C2Øvre langrennsløypa, mot Kollsetestølen9. januar
Z2Øvre langrennsløype, over Kollsetestølen9. januar
E2Raudekrosskassa over Stedjekamben16. januar
G3Rysete, føl løypa til høgre23. januar
X6Høgehaug23. januar
K5Fagereggi, heng på bjørk på venstre side av løypa på høgda før Kollsetevatnet13. februar
L6Fjærlandssete13. februar
Y7Blåfjell, varden13. februar

Det er lov å klyppa på andre bokstavar som gir same poengsum.

PremieBhg. + 1. klasse2. - 4. klasse5. - 7. klasse8. klasse og eldre
3. premie8 poeng24 poeng34 poeng50 poeng
2. premie14 poeng37 poeng49 poeng68 poeng
1. premie22 poeng49 poeng64 poeng86 poeng
"Klæbo"36 poeng72 poeng89 poeng120 poeng

Den store utfordringa heiter i år Klæbo. Den heng høgt!

Kart

Innlevering av kort

Etter avslutta jakt, og seinast første fredag etter påske, 05.04.2024, sendar du kortet til SIL Langrenn
Ta bilde av kortet og send til langrenn@sogndalidrettslag.no med

  • namn

  • f.dato/klassetrinn

  • utrekna poengsum.

Skriv også kva premie dette gir. 

NB! Postar kan bli lagt ut etter oppsett dato, eller flytta på – sjekk www.sogndalidrettslag.no/langrenn , eller SIL-Langrenn på Facebook.