Medlemsskap og treningsavgift

O-gruppa har følgjande treningsavgift for sesongen 2023.
Avgifta blir fakturert av o-gruppa og kjem i tillegg til medlemskontigent i Sogndal IL. 

  • Familie: kr. 600

  • Vaksen: kr. 350

  • Student/born: kr. 150

Treningsavgift for enkeltløp betalast som enkeltbeløp til VIPPS #518376:

  • Vaksen: kr. 60

  • Student/born: kr. 30

Treningsavgifta gjeld all aktivitet i regi av o-gruppa, som orienteringsløp (onsdag), barnetrening og vekas løype. Her er det mykje god aktivitet for låg kostnad :)

Sjølv om du kan betale for å delta på enkeltløp oppmodar vi folk til å melde seg inn og støtte arbeidet o-gruppa gjer, for me får støtte ut frå tal aktive medlemmar. I tillegg til å lage treningsopplegg for medlemmane jobbar me med å teikne og revidere skulekart i Kaupanger, Sogndal og Leikanger, som er viktig for opplæringa til skuleborna våre.

Bli medlem av orienteringsgruppa

NB: to avgifter skal betalast. Ei til idrettslaget og ei til o-gruppa.

  1. Du må vere medlem av Sogndal Idrettslag (SIL) før du kan bli medlem av orienteringsgruppa, som er ei undergruppe i SIL. Meld deg inn i SIL via Min Idrett . Informasjon om betaling til SIL blir sendt frå hovudstyret i eigen e-post via KlubbAdmin og Min Idrett. For barn opp til 18 år er medlemsskapet gratis. Meir info om innmelding og rettleiing for Min Idrett finn du her: Bli medlem

  2. Når du har betalt medlemskap til SIL må du søkje om medlemskap til orienteringsgruppa. Logg inn på Min Idrett og vel “Min side”, “Medlemskap” og “Vis” på raden for Sogndal Idrettslag. Her klikkar du “Meld inn” og kryssar av for Orientering (du må kanskje krysse av for å godkjenne vilkår også). Til slut klikkar du “Fortsett” og “Fullfør” for å sende søknaden om medlemsskap i o-gruppa.

  3. For å betale treningsavgift til orienteringsgruppa må du sende e-post til robert_tellvik@hotmail.com med namn og kva for avgift de skal betale. Dette kan du gjere straks du har søkt medlemsskap i gruppa på Min Idrett. Hugs å gi melding om kven som er i familie ved ønske om familieavgift. Det blir da sendt ut faktura via Min Idrett. Du skal IKKJE Vippse treningsavgifta!

Sjå meir informasjon om medlemskap i SIL her.


Medlemsfordelar

Idrettslaget sine medlemmar får rabatt på utvalte varer hjå vår samarbeidspart Intersport Sogndal.

Forsikring

Alle barn t.o.m. 12 år som er medlem av lag tilslutta Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltar i organisert aktivitet i klubbens/lagets regi er forsikra gjennom Gjensidige barneidrettsforsikring.

Frå utøvar fyller 13 år kan ein teikne ei frivillig forsikring gjennom orienteringsforbundet som ein ekstra tryggleik ved skader. Forsikringa gjev utbetalingar ved skade/dødsfall under idrettsaktivitet og raskare tilgang til helsehjelp. Det er ingen form for lisens i orientering og ikkje krav om å forsikre seg for å delta på treningar og løp.

Meir informasjon om forsikringane finst her: Forsikringer - Norsk Orientering