Info om barne- og ungdomsklatring

På årsmøte blei det vedtatt at Sogndal Klatresenter tek over ansvaret for barne- og ungdomsklatringa frå august 2024. Me vil fortsette å ha eit tett samarbeid med klatresenteret og er trygge på at dette blir ei god ordning for store og små. Viss ein lurer på noko meir om dette, ta kontakt med oss.

Når me har meir informasjon frå Klatresenteret om oppstart, treningstider og priser, vil me legge denne informasjonen ut.

Sesongstart orientering

Hei orienteringsvennar!

 

Ein ny orienteringssesong nærmar seg og vi håper at vi får sjå deg og mange fleire på våre aktivitetar denne sesongen. Følgjande aktivitetar startar vi opp med framover:

 

Treningsløp

Kvar torsdag frå 11/4 med fri start mellom kl. 17-18. Første løp på Røvhaugane i Sogndal. Tilbodet passar nybegynnarar så vel som ekspertar og alle aldrar. Sjekk terminlista for vidare oppmøtestad: https://www.sogndalidrettslag.no/terminliste-for-orientering 

Det er gratis å delta for medlemmar i o-gruppa, men løpa er også opne for alle andre så ta gjerne med ein venn!

 

Vekas løype

Viss du ikkje har moglegheit til å delta på treninga så kan vi gle deg med at postane vert hengjande ute ei veke etter kvart løp. Send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com så får du tilsendt kart over vekas løyper i pdf-format som du kan skrive ut heime. Første løypene klare frå 11/4.

 

Stolpejakt / Tur-O

Sjå https://turorientering.no/https://stolpejakten.no/ eller  https://www.sogndalidrettslag.no/turorientering

 

Barnetrening for barn 8-14 år (2.- 8.klasse) 

Tilbod i Sogndal og på Kaupanger.

Kvar tysdag kl. 17.30. Oppstart 9. april på Trudvang skule (2.-4.klasse) og Sogndal vgs (5.-8 klasse). Oppstart på Kaupanger gjennom skulekarusell torsdag 18.4 på Kaupanger skule. Les meir om tilbodet her: https://www.sogndalidrettslag.no/o-trening-for-barn-og-unge  og følg med på oppdatert info her: https://www.facebook.com/groups/594731054732887/?ref=share_group_link.

 

I tillegg vil det skje mykje anna i løpet av sesongen:  Konkurransehelger 25.-26. mai på Kaupanger og 7.-8. september i Hodlekve,  Skulekarusell, Skulesprint, Verdas orienteringsveke, O-trolleirar, Finn fram-dag etc… Hald deg oppdatert via nettsida sogndalidrettslag.no og på facebook «Orienteringsgruppa i Sogndal IL»

 

Medlemskap i O-gruppa

Med medlemsskap i o-gruppa har du tilgang på alle våre løp og treningar gratis, og du får også dekka startkontingent på andre løp. Det er flott om du melder deg inn ved å bruke MinIdrett (VIKTIG at du kryssar av for orientering). Sjå rettleiing for medlemsskap her: https://www.sogndalidrettslag.no/medlemsskap-treningsavgift

Dei som allereie er medlem skal ha fått e-post med info om fornying og betaling av medlemsskap. Har du ikkje fått denne eller har spørsmål, ta kontakt med Robert Tellvik: robert_tellvik@hotmail.com

Medlemstalet vårt er saman med aktiviteten eit viktig grunnlag for støtten O-gruppa får gjennom idrettsforbund, sponsorar og andre for å drive aktivitet, vedlikehalde og teikne nye kart i heile kommunen og levere opplegg til skulane, kartopplæring for barn og vaksne m.m. Kvart medlem betyr difor mykje for aktiviteten vår.

Om du har spørsmål om treningsavgift eller anna kring O-gruppa, kan du sende spørsmål til robert_tellvik@hotmail.com eller Anna-Karin (leiar i o-gruppa) akclarin@gmail.com  

 

Håper vi ses i skogen kommende sesong!

 

O-helsing frå styret i Sogndal IL orienteringsgruppa!

Årsmøte orientering 11. mars

OPPDATERT MED SAKSPAPIR

Styret innkallar hermed til årsmøte måndag 11.mars kl. 19.00 på Sogndal vidaregåande skule, i Linesbygget (klasserom L296 ovanfor Idrettssenteret).

Har du saker du ønsker å ta opp på årsmøtet, send dette til styret seinast 4.mars.

Sakspapira finn du her: https://www.dropbox.com/scl/fo/rgcojxnhzrbj7ufs9noej/h?rlkey=okqbwxj36ycfj66gvnc6ebw8p&dl=0

Det blir servert kaffe, te og frukt.

Velkommen!

- styret i Sogndal Idrettslag Orientering

Saker sendast til styreleiar Anna-Karin Clarin: akclarin@gmail.com

Barne- og allidrettsgruppa inviterer til årsmøte onsdag 14. februar 2024

Barne- og allidrettsgruppa i Sogndal Idrettslag inviterer alle som har lyst til å delta på årsmøtet!

Tid: Onsdag 14. februar 2024 kl 19.30-21.00

Sted: Campus Sogndal. Flostova, Idrettsbygget, 2. etg.

Barne- og allidrettsgruppa trenger foreldrerepresentanter inn i styret! Kan du tenke deg å bli med? Ta kontakt med Ellen Blom: ellen.blom@hvl.no/ tlf: 911 25943.

Saksliste for årsmøte 2024

  1. Opning av årsmøtet

  2. Godkjenning av innkalling og sakliste

  3. Val av ordstyrar og skrivar

  4. Gjennomgang av alle barne- og allidrettsgruppene: Status og tankar framover

  5. Info om pågåande prosjekt og tilskot til nye prosjekt i regi av Aktivitetsguidane

  6. Godkjenning av årsmelding

  7. Forslag til nye søknader om tilskotsmidlar i 2024

  8. Godkjenning av rekneskap 2023 og budsjett 2024

  9. Val

  10. Ymse

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Trening- og graderingshelg for Taekwondo

Berre ei veke til trening- og graderingshelg og me gledar oss! Instruktørane som vert med oss er: grandmaster Morten Sunnset Larsen, master Lasse Lerum og våre eigne masterar Trond Schøyen Høgi og Runar Langeteig + konkurranseteamet vårt!

Rydd helga og meld deg på! https://www.letsreg.com/no/event/sil_tkd_trening-_og_graderingshelg_januar_2024

Me gledar oss til å sjå dykk alle!

NM-medaljar til SIL-taekwondo

NM-medaljar til SIL-taekwondo

Fantastisk utteljing på NM! Gull, sølv og bronse til utøvarane våre. Måndag feira me med kake på trening!

Embla, Ida, Emilie og Elin, saman med trenar og coach Runar har den siste tida trent og konkurrert i stilarten pomsae. Dei har henta heim mykje medaljar nasjonalt og kan også vise til fleire gode preasjonar i internasjonale arrangement. På NM på Sandane hamne alle utøvarane våre på pallen, og klubben har no fått sin fyrste noregsmeister.

Uro og bekymring i idrettsleiren – blir det basis- og fleirbrukshall i idrettsbygda?

Sidan 2011 har det blitt jobba for å realisere ny basis- og fleirbrukshall. Det har vore ein lang prosess, men med jamn framdrift og fleire vedtak i kommunestyrer om bygging. Til stor glede 😊  

No er me uroa og bekymra for framdrifta......kva skjer?  

I notat til finansutvalet 16.11.23 vert det tilrådd å fjerne basis- og fleirbrukshall frå skuleprosjektet.  Dette grunna plassmangel på Trudvang tomta og ønske om innsparing på kommunen sitt budsjett.

Kommunedirektøren skriv: 

“Eit gymareal på skulen må rette seg etter krava til idretten for å kunne løyse ut spelemidlar. Ein volleyballbane/liten idrettshall på 384 kvm vil gjere det. Arealet må kunne delast i to med skiljevegg slik at to klassar kan vere der samstundes … Om ein vel ei slik løysing for å redusere kostnadane ved prosjektet vil kommunedirektøren gjere merksam på at dette med stort sannsyn betyr at det ikkje kan byggast ny basis- og fleirbrukshall på lang tid. På Trudvangtomta vil det vere svært vanskeleg å bygge dette etter ferdigstilling av utbyggingsprosjektet. Det vil medføre stor innverknad på skuledrifta og det vil vere krevjande å handtere tryggleiken i byggefasen. Ei eventuell bygging anna stad i Sogndal, t.d. på Kvåle, vil medføre ekstra riggkostnad slik at det ikkje vil vere mogleg å bygge tilsvarande det som vert innsparinga ved å ta hallen ut av prosjektet med ny skule på Trudvang.” 
(les hele saksfremlegget her s6-8)

Behovet for basis- og fleirbrukshall er stort. Det har blitt grundig dokumentert tre gonger sidan første kartlegging i 2013. Da var medlemstalet 900, og ved siste behovskartlegging var vi 1350. I 2023 er vi 1656 medlemmer per 17.11.2023!
Og, samstundes som folketalet og behovet er veksande, er innandørs idrettsareal i Sogndal vorten mindre enn det var i 2013.  

Det er i dag mykje fokus på helse, både fysisk og psykisk, og det er no viktigare med breddeaktivitetar som gir eit variert tilbod til innbyggjarane uavhengig av alder og inntekt. Difor er det så viktig med nok sunne og inkluderande arenaer der ein møtes på tvers av interesser, kultur og nivå. Fleire treningsflater genererer meir aktivitet.  

Meir aktivitet gjer at ein får fleire tilbod og større sjanse for at alle finn noko ein trives med. Og ikkje minst at alle dei frivillige som brukar store deler av fritida si treng gode rammevilkår og forutsigbarheit. 

Det er i dag langt fleire innbyggjarar i Sogndal enn i 2013 og idrettslaget har langt fleire medlemmar enn i 2013. Vi har i dag 18 ulike grupper der fleire av gruppene har venteliste på grunn av hallkapasitet og mangel på frivillige.  

No må politikarane på bana!
Dei som har lova oss hallane og bedt oss gå gjennom dei rette kanalane. Vi har kartlagt komt med innspel og vore samarbeidsvillige heile vegen. Me har gjort alt de har bedt om og de har lovd oss på tru og ære. Kan vi tru på programparti og politiske lovnader? 

Idretten har eit ansvar for folkehelse frå vugge til grav.
Kven skal vi prioritere?
Er det dei som skrik høgast?
Eller dei som betalar mest?

Resultat treningsløp Hodlekve

Her er resultata frå treningsløpet 13. september i Hodlekve. Det var 11 deltakarar som sprang gjennom løypene frå KM Lang i helga, i flott haustvêr.

Løypa blir hengande ute ei veke som Vekas løype og neste treningsløp er 20. september på Kleppa på Leikanger. For å få tilsendt karta i Vekas løype, send e-post til vekasloypesogndal@gmail.com.

Nybyrjar (løype 8)

Oskar Osdalen fullført
Nina Osdalen fullført

Lett øvd (løype 6)

Eirik Binningsbø 1:08:22
Jørgen Binningsbø 1:08:22
Ragnhild Dyrstad deltatt
Christine Klemetsen deltatt

Vidarekomen (løype 5)

Kristin Bakke 1:17:02
Torbjørn Stokke 1:23:08
John Ingulf Medvø deltatt
Marina Eriksson deltatt

Ekspert 4,8 km (løype 3)

Jakob Kalvig Skogan 46:15

Resultat treningsløp Moane

Her er resultata frå treningsløpet på Moane 7. september. 16 stk. deltok og det er spesielt gledeleg å sjå så mange lokale ungar frå Hafslo i Nybyrjarløypa!

Nybyrjar

Hedda Hansen Nybø Hafslo IL fullført
Kristoffer Melheim Hafslo IL fullført
Oline Nondal Hafslo IL fullført
Johannes Nondal Hafslo IL fullført
Klara Street Sogndal IL fullført
Oliver Street Sogndal IL fullført
Lavrans Hestad Hafslo IL fullført
Iver-Anton Hestad Hafslo IL fullført
Andrea Ølnes Hafslo IL fullført
Selda Ullebø Friksen Hafslo IL fullført
Jørgen Styrk Hagelin Moe Hafslo IL fullført

Vidarekomen
Astrid Melheim Hafslo IL 21:55

Mosjon
Jon Ingulf Medbø 1:31:06

Ekspert
Jorunn Albretsen Sogndal IL startet
Karl Helge Helbrigtsen Sogndal IL startet

Ekspert, korridorløype
Olav Hagelin Moe Hafslo IL 1:27:27