Resultat: O-cup #16 og samanlagt
O-cupen vart avslutta med premieutdeling og nattløp i går kveld på Kaupanger. Over 30 deltakarar, der 15 stk. sprang nattløp (nybyrjarane fekk springe medan det var lyst). Resultata finn du her: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList...
Dette vart vinnarane i O-cupen:
Vidarekomen 13-16: Jakob Lapp
Vidarekomen 17+: Guro Kristin Lunde-Ness
Ekspert kort 15-16: Eirik Aalbu
Ekspert kort 17+: Jørgen Binningsbø
Ekspert lang 17+: Bård Basberg
Fulle samanlagtresultat finn du her: https://docs.google.com/.../1PsYVDF4W4WFa6IqTK5Gc.../edit...
Tusen takk til alle som har deltatt og arrangert på løp gjennom året! Vi har hatt ein fenomenal vekst i år, og det er flott å sjå at så mange nye løparar blir med, både unge og vaksne, og meir erfarne som har børsta støv av o-skoa igjen. Det lovar godt for o-gruppa framover.
Men sesongen er ikkje heilt ferdig!
Etter haustferien blir det nattreningar ut oktober. Dette blir eit enklare opplegg med 1-2 løyper med middels vanskegrad, og vi legg opp til samløping i grupper for dei som ønskjer. Info kjem her på facebook og her på nettsida.
30. oktober er det også tid for Halloween-O for ungane. Info på Spond.