Sesongavslutning med nattløp

Bilde av starten på NM i nattorientering

Siste løp i orienteringscupen i Sogndal 2026 vert nattløp komande torsdag 1. oktober på Kaupanger. MERK seinare starttidspunkt enn normalt: 19:30 (nybyrjar og lett øvd kan starte frå kl. 18).

Det vert sesongavslutning med premieutdeling for o-cupen i løypene Vidarekomen og Ekspert (kort og lang), etterfulgt av nattløp, som vert ei ny spanande utfordring for mange.
Hugs å ta med hovudlykt. Anbefalt minst 300 lumen.

Påmelding i Eventor, der du og finn resultat og Livelox (GPS-spor) etter løpet: https://eventor.orientering.no/Events/Show/24608
(og mogleg å melde seg på ved oppmøte).

Oppmøte: Kaupanger skytebane https://maps.app.goo.gl/3oPhuEQet2kg2w4v6
Parkering ved skytebana, innkøyring ved motorsportbana.

Tidsplan:
18-18:30: Start Nybyrjar og Lett øvd
19:10: Premieutdeling O-cup
Ca. 19:30: Fellesstart nattløp alle løyper
Også nybyrjar og lett øvd kan springe natt om dei ønskjer. Det er lov med samløping i alle løyper.
Vi fyrer bål/grill på arena frå ca. 18:45 og til etter nattløpet. Ta gjerne med grillmat.

Sjølv om dette er siste løp i o-cupen håpar vi å få til nokre natt-treningar etter haustferien. Følg med på nettsida og facebook for meir info.

Neste
Neste

Smili laurdag 5.september 2026