Friidrett

Innbyding til SMILI 20. September 2015 - utvida påmeldingsfrist

20. September arrangerer friidrettgruppa i Sogndal SMILI!
Ei mil med smil og i år eit arrangement for heile familien.

Løpet går ut frå Kvåle Stadion. Arrangementet startar klokka 10.00 med trim/familieklassar og for borna frå kl 11.30. Konkurranseklassa startar klokka 13.00.

Minismili for borna startar kl 11.30.  Her har vi eit kort løp for dei aller minste frå 4 til 11 år (ca 300 m), og eit litt lengre (ca 600m) med høve til å springe på tid for dei litt eldre; frå 12 til 15 år. 

For borna vil det vere høve til å prøve seg på friidrettsaktivitetar og andre typar aktivitetar Når dei ikkje spring sjølv og medan me ventar på at trimmarane og dei aktive løparane skal kome attende. 

Påmelding innan 09.00. den 18. september til smili.sogndal@gmail.com Denne må innehalde navn, telefonnummer, fødselsår og klubb/adresse. Betal inn startkontingent til konto nr. 3785 12 18905 ved påmelding. Merk innbetalinga med navn på deltakar. Det vil vere råd å melde på i klassar utan tid på sjølve løpsdagen.

KLASSAR, STARTKONTINGENT og STARTTIDER

MINISMILI JUNIOR 900 m: 12-15 år,
kr 50,-  Oppstart 11.30

MINISMILI 450m: 4-11 år,
kr 50,-  Oppstart etter minismili for junior 

TRIM-/FAMILIEKLASSE 10000 m:
kr 100,- pr. person eller gruppe (min.2 stk)  Start 10.00- 12.30 

KONKURRANSEKLASSE DAME/HERRE/JUNIOR/SENIOR/VETERAN 10000 m: 
frå 15 år kr 100,- frå 18 år kr 150,- frå 40 år 100,-   Oppstart: 13.00               

Det blir sal av mat og drikke. Ta med kontantar.

Velkomen til alle! Bli med og lag løpsfest i Sogndal!