Innlegg i Sogn Avis om basishall

Leiaren for Sogndal Turn, Ina K. Wilhelmsen, skreiv 27.10.21 eit innlegg i Sogn Avis om viktigheta av den tilrådde basishallen både for turn og andre breiddeidrettar i kommunen. Me heiar på basishall, og publiserer innlegget her, for dei som ikkje tingar Sogn Avis:

Ein etterlengta hall

 

Turn er i vekst i Sogndal. Me har medlemmar frå heile region, og kan i dag gi eit godt og breitt tilbod. Slik har det ikkje alltid vore. Me var tidlegare i gymsalen på Trudvang. Dette gjorde til at ikkje alle som ville turne, fekk lov. Der måtte me sette eit tak på kor mange som kunne delta på kvar trening for å unngå kaostilstandar og dårleg utbytte av ei treningsøkt. Det ga også begrensningar på kva øvelsar ein kunne trene på. Dette gjorde at mange slutta fordi ein ikkje klarte å utvikle seg meir med dei fasilitetane som var tilgjengeleg. Den no tilrådde basishallen vil kunne gi alle utøvarane utfordringar og mestring på alle nivå. 

 

Ein av grunnane til at turn er i vekst, er at me flytta treningane til Vesterland. Arne Glenn Flåten stilte gjerne opp for oss og strekke seg langt for at me skal få gode treningsfasilitetar. Arne Glenn Flåten gjer ikkje dette for å tena pengar på at breiddeidretten i Sogndal ikkje har betre vilkår i dag. Han gjer dette fordi han, både som politikar og innbyggjar i Sogndal ynskjer at borna våre skal ha eit aktivitetstilbod å gå til. Det er ikkje alle som er interessert i ballidrett og difor er det viktig at med breidde. Breiddeidretten kan ikkje vere avhengig av private bedrifter stiller opp på dugnad for at borna våre skal ha eit godt nok tilbod. 

 

Me i Sogndal turn er så heldige at me har fleire eldsjeler som bidreg fortsatt og har gjort det same med foreldregenerasjonen som veks opp i dag. Utan desse ville det kanskje ikkje vore eit turntilbod i Sogndal. Den nye basis- og fleirbrukshall vil gi etterlengta fasilitetar og ein utvikling av ikkje berre turn-miljøet, men også dei aller fleste idrettane i Sogndal. For oss i Sogndal turn er det viktig at alle skal føle meistring og at det skal vere ein trygg plass å vere. Difor er det med stor glede at me no ser at basis- og fleirbrukshallen blir prioritert av vår politikarar. Ein basishall som har dei rette elementa både til utvikling og meistring på alle nivå. Og fleirbrukshallen vil gi oss ei treningsflate som er sårt etterlengta.

 

All aktivitet er avhengig av ein infrastruktur. Ein kan ikkje forventa at ein skal få til eit godt miljø utan fasilitetar. Og breidda treng også desse fasilitetane. Etter storhallen kom, auka aktiviteten innan fotballen fordi den fekk ein arena som var tilgjengeleg 365 dagar i året. Skal me klare å fostre opp utøvarar innan andre idrettar, må me starte med infrastruktur. No treng breidda dei same vilkåra. HURRA for politikarane som har teke denne viktige slutninga

 

Ina K. Wilhelmsen

Leiar Sogndal turn