Pensumseminar 6.–7. april 2019

Laurdag 6. april, Campushallen kl. 10–16
Kvitt belte til raudt med svart stripe

Søndag 7. april, Campushallen kl. 10–15
Dan og 1. cup

Velkommen til taekwondo pensumseminar i Campushallen. Seminaret er ope for alle beltegrader frå 10. cup og oppover og er eit godt høve til å få ein grundig gjennomgang av ditt pensum, og til å stille spørsmål om det er noko du lurer på før gradering.

Seminaret er ikkje for Kid Kick elevar.

Seminaret vil fokusere på mønster, avtalt kamp, brekking og frikamp.
Dersom du er usikker på om du skal gradere deg kan du snakke med instruktørane på seminaret. Dei vil gi deg ein peikepinn på om du er klar eller om det er teknikkar du bør jobbe vidare med. 

1. cup og dan-kandidatar som skal gradere seg på sommarleir MÅ delta!

Stad: Campushallen, Sogndal
Pris: kr 250,-
Utstyr: Drakt med belte.
Mat: Ta med lunsj. Gratis frukt.
Påmelding innan onsdag 3. april 2019 på denne lenken:
https://www.deltager.no/tan-pensumseminar-april-2019