Nytt tilbud- Bli med på mastersymjing!

Endeleg kan symjegruppa igjen tilby mastersymjing som er symjetrening for ungdom-/voksne. Har du ikkje anna å vise til enn symjeknappen, men har lenge hatt lyst til å bli ein betre symjar eller vere ein del av eit symjelag har me eit tilbud til deg.

Me startar opp eit symjeparti for deg som kan symje, men har lyst til å heve nivået ditt. Treninga vil bestå av ein kombinasjon mellom teknikktrening og ulike program for å bedre hurtigheit og uthald. Du vil få individuelle tips for å heve ditt nivå, men like viktig er det at me har det moro på trening!

Vår mastertrenar er Nikolaj Trautner, som er tidlegare landslagssymjar og elitetrenar frå Danmar. Han vil vere både symjande trenar og instruere deg frå kanten.

Den einaste forutsetnad er at du kan symje og har lyst til å utfordre deg sjølv.

Bli med torsdagar frå kl 16:30-18:00