Ny moglegheit for å setja verdsrekord tysdag 21 mai!

Verdas Orienteringsdag vert arrangert frå 15-21 mai over heile verda. Du har moglegheit til å bli med på tysdag på Trudvang skule i Sogndal.

Hensikta med Verdas Orienteringsdag er å gje flest mogleg born og unge over heile verda spennande og inspirerande orienteringsopplevingar, samt å gjere idretten kjend for fleire. På tysdag på Trudvang skule får skuleelevane moglegheit til orientering i skuletida, men det vert i tillegg aktivitet frå kl 17-19 for born og vaksne. For dei yngste vert det foto-orientering og korte løyper i skulegården. For ungdom og vaksne vert det løyper opp mot Rutlin.

Velkommen :)