Lerum og Sogndal idrettslag vandrar saman i tre nye år

Sogndal idrettslag er stolt og glad over å ha forlenga samarbeidet med Lerum til og med 2021.

Lerum har vore samarbeidspart med SIL i ein mannsalder og måndag 9. september vart samarbeidet forlenga med nye 3 år.

Stødige og langsiktig samarbeid gir idrettslaget naudsynt arbeidsro til å bruke mest mogeleg av dugnadstimene våre på å fylje opp og utvikle barne- og breiddeidretten. Her har Lerum vore i ein særklasse.

Handball og Lerum_110919.jpg

SIL er takksame for den ektefølte støtta frå Lerum, som har gått i arv generasjon til generasjon :-)

Difor har vi også i overskrifta valt å låne ord frå Olav Stedje si vakre balade “Vi vandra saman”.

Kjærleik til ekte varer går i arv_110919.jpeg