Oppstart barneidrett 2. og 3. klasse

Onsdag 18. oktober blir det oppstart av barneidrett for 2. og 3. klasse i gymsalen på Trudvang klokka 18 - 19. Vi har fått tak i 6 instruktørar frå Sogndal vidaregåande som skal sørge for god og variert trening. Trenarar er Irene Steig, Eirin Teigen Volle, Margunn Helleland, Torjus Øydvin, Martin Hestad og Torstein Kjørnes.

Vi har utvida tilbodet til også å gjelde 3. klasse sidan det ikkje var så godt oppmøte på første trening. Vi oppmodar alle til å ta ein liten pause frå fotballtrening og bli med oss på kjekk og variert trening i gymsalen. Irene, Eirin og Margunn vil vere ansvarlege for treningane framover hausten, og gleder seg til å sjå fleire på trening.

Vi ønskjer vel møtt til trening!

barneidrett.jpg