Turngruppa i folketoget 17. mai

17. mai brukar turngruppa å stille i folketoget frå Parken til Campus. Vi oppmodar turnarar, trenarar og hjelpetrenarar om deltaking også i år, og håpar vi vert mange ! Turnarane må gjerne stille i turndrakt, men dette er ikkje eit krav. SIL-gensaren er også fin å bruke dersom det er kaldt, elles kan dei stille i finkleda for dagen om dei heller vil det. Oppstilling i Parkvegen kl. 15.30.

 Vi ønskjer alle ein flott nasjonaldag og god sommar! Så sjåast vi til ny turnsesong i september !

Helsing styret i SIL turn